Er du ute etter ein meiningsfull sommarjobb? Vi søkjer engasjerte medarbeidarar til nattevakter i perioden veke 25–33.
Miljøarbeidartenesta gir tenester til personar med utviklingshemming, nedsett funksjonsevne, utviklingsforstyrringar og psykiske lidingar. Vi jobbar for at brukarane skal få leve gode og sjølvstendige liv, tilpassa eigne behov og ønskje. Som tilsett hjå oss på natt skal du bidra til at bebuarane får eit godt og forsvarleg tilbod heile døgnet. Du vil arbeide brukarnært, følge observasjonar og tiltak saman med tre andre kollegaer på natt.
Har du spørsmål til stillinga? Ikkje nøl med å ta kontakt.
Vurdering av søknadane og tilsetting vil bli gjort fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Vi avviklar hovudferien i veke 26 - 33. I dette tidsrommet har vi behov for vikarar for sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidararar og assistentar. Vikarar må kunne jobbe samanhengane i ein stor del av ferieperioden, og søkjarar som kan jobbe frå veke 27 til 32 vert prioritert.
Arbeidsoppgåvene er varierte og består mellom anna av:
- Oppfølging av tenestemottakarar med fokus på individuelle behov
- Utføre oppgåver innan miljøarbeid, pleie og omsorg utifrå opplæring og kompetanse
- Tiltak etter kapittel 9 helse- og omsorgstenestelova
Kvalifikasjonar
- 3 årig helse og sosialfagleg høgskuleutdanning, studentar under relevant utdanning, fagarbeidar eller pleiemedarbeidar/assistent med erfaring frå brukargruppa.
- Du må kunne ta ansvar, jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner. Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personleg eignaheit til arbeidet vil bli veklagt i stor grad.
Vi tilbyr
- Fagdagar for alle ferievikarar før oppstart
- Elektroniske kurs som sikrar den grunleggande kompetansen du treng for å gjennomføre arbeidsoppgåvene dine
- Opplæring og oppfølging på arbeidsstaden
- Moglegheit for vidare arbeid som tilkallingsvikar
- Høgskulestudentar under relevant utdanning får ekstra lønnstillegg.
- Som ferievikar vil du få kr 6.000 i bonus dersom du arbeider seks veker samanhengande i perioden veke 26 - 33.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
#sommarjobb #sommarjobbivest
Kontaktinformasjon
Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5126656236
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 18.05.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 03.06.2026
Om arbeidsgiveren:
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.