Trova un lavoro
Trova il lavoro giusto per te tra migliaia di opportunità disponibili in tutta Europa. I risultati della ricerca sono forniti da EURES - il portale europeo della mobilità professionale.
Om stillinga
Me søkjer etter nye kollegaer til Pleie- og omsorg, på Sveio omsorgssenter og i Hjemmetjenesten.
Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester.
Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen. Dette resultere i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivest og føler deg trygg i eininga.
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar. Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering. Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe. Sørbakken: Demensavdeling. Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar.
Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med flotte bilete av kvardagen hjå oss.
Arbeidsoppgåver
Dine arbeidsoppgåver vil vere å hjelpe pasientane og brukarar med daglege gjeremål. Det kan være å tilrettelegge måltider, hjelp i stell og delta i miljøretta aktivitetar. Våre tilsette har eit fagleg fokus for å ivareta pasientane på best mogleg måte. Du jobbar saman med anna personell som sjukepleiar, fagarbeidarar og assistentar.
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg bakgrunn er ein fordel for stillingar innen omsorg.
- Andre med interesse for området kan også søkje.
- Krav om ordinært førerkort klasse B i Heimetenesta og på natt.
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakker, leser og skriv så godt at du både kan samarbeide med andre og utføre arbeids oppgåvene dine sjølvstendig.
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest for personell som ansettes i helse og omsorgstjeneste
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- Lojal, punktlig og pliktoppfyllande
- Fokus på kvalitet i tenesta
- Må kunne handtere utfordrande arbeidsoppgåver
- Fleksibel og løysningsorientert
Vi tilbyr
- Skriv i søknaden om du har ein arbeidsstad du føretrekke å jobba på
- Du får mer informasjon om stillingane, hvis du tar kontakt direkte med kontaktpersonene
- Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap
- Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle
- Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsgiveren:
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Vi søkjer ein arbeidsleiar med ansvar for å sikre effektive elektroleveransar i våre prosjekt. Stillinga krev fagleg interesse for elektrofaget og evne til å handtere varierte oppgåver med høg grad av ansvar.
Suksesskriterier for å lukkast i stillinga er å ha gode samarbeidsevner, vere ein dyktig kommunikator og ein god rollemodell.
Kandidatar blir vurdert fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Leie operatørteam inn mot planlagd framdrift og måloppnåing for tildelte prosjekt
- Planlegge og koordinere aktivitet og ressursbruk saman med prosjektleiing
- Bidra til kvalitetssikring av teknisk dokumentasjon og produksjonsgrunnlag
- Rapportere status og framdrift til prosjektleiing
- Sikre kvalitet, HMS og etterleving av gjeldande regelverk
- Personalansvar
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som elektrikar/elektromontør Gr.L
- Teknisk og tverrfagleg forståing av skipsbygging
- Erfaring som elektrikar innan skipbygging
- Gode IT kunnskapar; erfaring med prosjekteringsverktøy og AI
- Gode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Suksesskriterier for å lukkast i stillinga er å vere
- Strukturert og løysingsorientert, slik at du har god kontroll over tidsfristar og leveransar
- Kunnskapsorientert, deler villig av dine erfaringar og fokusera på både di og andre si utvikling
- Reflektert og proaktiv, slik at du arbeider godt mot målsetnadane
- Fokusert på god kommunikasjon og samarbeid og dermed lukkast i møte med tverrfaglege team
- Sjølvstendig og har høge krav til eige arbeid og derfor levera god fagleg kvalitet
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø
- Fleksitidsavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Kontaktinformasjon
Bjarte E. Kopperstad, Team Leader, 977 22 751, bjarte.kopperstad@ulstein.comStig Roppen, General Manager, 950 08 317, stig.roppen@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Elektro Installasjon ASReferansenr.: 5047293152
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Om arbeidsgiveren:
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft, ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.
Vi søkjer ein assisterande prosjektleiar med ansvar for å sikre effektiv samhandling mellom prosjekt og produksjon. Stillinga krev fagleg interesse for elektrofaget og evne til å handtere varierte oppgåver med høg grad av ansvar.
Suksesskriterier for å lukkast i stillinga er å ha gode samarbeidsevner, vere ein dyktig kommunikator og ein god rollemodell.
Kandidatar blir vurdert fortløpande.
Oppgåver du vil jobbe med
- Leie og koordinere maritime elektroinstallasjonsprosjekt mot resultatmål
- Kommersielt og økonomisk oppfølgingsansvar for budsjett vs kalkyler
- Oppfølgingsansvar mot leverandørar og underleverandørar
- Bidra til kvalitetssikring av teknisk dokumentasjon og produksjonsunderlag
- Rapportere status og framdrift til både prosjektleiing og leiing
- Sikre kvalitet, HMS og etterleving av gjeldande regelverk
Kunnskap og erfaring vi ser etter
- Fagbrev som elektrikar/elektromontør Gr. L
- Teknisk utdanning innan elektro, t.d. fagskule eller bachelor
- Praktisk og tverrfagleg forståing av skipsbygging
- Gode IT kunnskapar; erfaring med prosjekteringsverktøy og AI
- Gode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Suksesskriterier for å lukkast i stillinga er å vere
- Strukturert og løysingsorientert, slik at du har god kontroll over tidsfristar og leveransar
- Kunnskapsorientert, deler villig av dine erfaringar og fokusera på utvikling
- Reflektert og proaktiv, slik at du arbeider godt mot målsetnadane
- Fokusert på god kommunikasjon og samarbeid og dermed lukkast i møte med tverrfaglege team
- Sjølvstendig og har høge krav til eige arbeid og derfor levera god fagleg kvalitet
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø
- Fleksitidsavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Kontaktinformasjon
Per Jarle Ytrebø, Project Manager, 957 67 027, per.jarle.ytrebo@ulstein.comStig Roppen, General Manager, 950 08 317, stig.roppen@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Elektro Installasjon ASReferansenr.: 5047274462
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Om arbeidsgiveren:
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft, ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.
Vil du bli utfordra til å skape kreative og gode løysningar for noverande og framtidige prosjekt?
På Ulstein Verft bygg vi avanserte spesialfartøy og tilbyr tenester og kvalitet innan både nybygg og ettermarknad. Nå søker vi ein tydeleg og engasjert leiar til røravdelinga – ein som skapar resultat gjennom samarbeid og fagleg styrke. I stillinga kombinera du operativt arbeid med strategisk utvikling av avdelinga.
Vi vurdera jobbsøknadane fortløpande, så send oss gjerne din søknad snarast, og seinast innan 04.01.2026.
Oppgåver du vil jobbe med
- Planlegging og leiing av arbeid ombord i nybygg og ved reparasjonsoppdrag
- Time- og bemanningskontroll over eigne og innleigde ressursar
- Rapportering av framdrift i samsvar med planlagde aktivitetar
- Oppfølging av interne rutinar og kvalitetsprosessar
- Delta på inspeksjonar og utføre kvalitetskontroll på utført arbeid
Kunnskap og erfaring vi ser etter
- Fagbrev som rørleggar. Relevant erfaring frå maritim industri kan kompensere for manglande formell utdanning
- God tverrfagleg teknisk forståing
- God teikningsforståing
- Erfaring frå skipsbygging og maritim næring vil bli vektlagt
- Gode norsk- og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Gode datakunnskapar
- Leiarferdigheiter; erfaring med personalansvar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Fagleg interessert
- Positiv, engasjert og med god arbeidsmoral
- Sjølvstendig og med høge krav til eige arbeid
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Resultatorientert og initiativrik
- God HMS-haldning
Vi tilbyr
- Godt fagleg miljø
- Fleksitidsavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
Oppstart etter avtale.
Kontaktinformasjon
Vidar Hungnes, Department Manager - Pipe & Machinery, +47 90960746, vidar.hungnes@ulstein.comAnne Holm Roppen, HR Advisor, 48924332, anne.roppen@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 5046664917
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026
Om arbeidsgiveren:
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Stiftinga Viti har ei ledig stilling som museumsvert i perioden 16. juni til 30. september 2026.
Kvart år kjem det fleire tusen besøkande til Sunnmøre museum og vi søkjer etter deg som ønsker å skape ein hyggeleg og god oppleving for våre gjestar.
Vi ønskjer deg som elskar utfordringar og brenner for å gi besøkande våre det lille ekstra, samtidig som du bidreg til et positivt og godt arbeidsmiljø. Du liker å jobbe med mat og menneske, og er sjølvstendig, initiativrik, løysingsorienterte og serviceinnstilt.
Sentrale arbeidsoppgåver
-
Betene resepsjon / butikk og yte service
-
Mottak av cruisegrupper og andre publikumsgrupper
-
Opning og stenging av museet
-
Sal av billetter og butikkvarer samt kassaoppgjer
Vi søker deg som er
-
Imøtekomande og blid
-
Interessert i historie
-
Sal og serviceinnstilt
-
Punktleg
-
Sjølvstendig og har gode planleggingsevner
-
Ansvarsfull og tar ansvar for egne oppgåver
Språkkunnskapar utover norsk og engelsk vil telle positivt.
Personlege eigenskapar og erfaring blir vektlagt.
Arbeidsdagen er lagt opp med turnus basert på 37,5 timar i veka, med vakter måndag til fredag. Ved eventuell uttak av ferie, må dette skje i fellesferien. Den første 1 månaden er prøvetid.
Vi kan tilby
-
ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
-
løn i SK 1078 betjent med løn frå kr 389 100 med aktuell lønsplassering i statens sitt lønsregulativ ut frå kvalifikasjonar, ansiennitet og erfaring.
-
Medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.
Arbeidsstad: Sunnmøre museum
Søknadsfrist: 05.01.2026
Send en kortfatta søknad med CV til post@vitimusea.no
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.
Stillingane ligg i avdeling for administrasjon og publikumsmottak.
Les og sjå meir om oss:
www.vitimusea.no
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.
Om arbeidsgiveren:
Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med i overkant av 60 tilsette og mange frivillige. Viti er organisert i 3 museumsfagavdelingar; kulturhistorisk avdeling, avdeling for samlingsforvaltning og kunstfagleg avdeling. I tillegg kjem administrasjonsavdelinga. Administrasjonen ligg i Ålesund, og dei spesialiserte museumsarenaene ligg i kommunane Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta. Samlingane omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, samtidskunstkunst, jugendstil og folkemusikk..