Har du lyst til å samarbeide med oss for å betre kvardagen til barn og unge?
Ved Poliklinikken i Volda har vi ledig fast stilling for klinisk sosionom/sosionom, klinisk barnevernspedagog/pedagog. I tillegg kan det verte høve for tilsetting i årsvikariat.
Poliklinikken i Volda har eit spennande fagmiljø som gir differensierte polikliniske behandlingstilbod til barn, unge og familiane deira i sju kommunar på Sunnmøre. Personalgruppa vår består av personar frå ulike yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografiske team. I tillegg har vi småbarnsteam, akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam, familieteam.
I Helse Møre og Romsdal HF er Psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) og ein døgnseksjon. Vi tilbyr pasient- og pårørandeopplæring, samt gruppetilbod for barn og unge med ADHD. Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester for barn, både i kommunane og i andre delar av spesialisthelsetenesta.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling i samarbeid med andre faggrupper
- Samarbeid med andre instansar (innan foretaket og i kommunene)
- Samarbeid med pårørande
Kvalifikasjonar
- Formelle faglege kvalifikasjonar
- Erfaring frå psykisk helsearbeid, arbeid i barnevern, eventuelt anna relevant arbeidserfaring vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
- Den som vert tilsett må meistre norsk språk munnleg og skriftleg
- Gode evner til samarbeid med eiga og andre yrkesgrupper
- Det blir krevd framlegging av politiattest før tilsetting
- Ynskjeleg med sertifikat for bil
- Det å vere personleg egna for stillinga vil verte vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at vitnemål og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.- Og her
Kontaktinformasjon
Kari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, Kari.Standal@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5147481479
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.07.2026
Om arbeidsgiveren: