Álláskeresés
Találja meg az Önnek megfelelő munkahelyet az Európa-szerte betölthető állások ezrei közül. A keresés az Európai Foglalkoztatási Mobilitás Portálján EURES közzétett álláshirdetések körében zajlik.
Som HMS-inspektør får du ei sentral rolle i arbeidet med sikkerheit, risikostyring og kontinuerleg forbetring. Du jobbar tett på drift og fartøy, og er ein viktig bidragsytar til at HMS-arbeidet fungerer i praksis. Hos oss får du høve til å påverke korleis sikkerheitsarbeidet blir gjennomført i kvardagen, i tett samarbeid med leiarar og mannskap.
Stillinga vil vere knytt til hovudkontoret i Florø eller kontoret i Bergen, og passar godt for deg som ynskjer å kombinere ein administrativ jobb med å vere ute i feltet der drifta skjer.
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein sentral aktør i det grøne skiftet i transportsektoren. Vi kombinerer sterke maritime tradisjonar med moderne teknologi og framtidsretta drift. Frå hausten 2026 etablerer vi mellom anna verdas første autonome ferjesamband med nullutsleppsferjer på Lavik–Oppedal.
Vil du vere med og utvikle trygg og berekraftig drift i Norges leiande ferjeselskap?
Arbeidsoppgåver
- følge opp HMS-arbeid i drift og på fartøy
- gjennomføre og følge opp risikovurderingar
- delta i gransking av uønskte hendingar og sikre læring
- bidra til ein proaktiv sikkerheitskultur
- rettleie og støtte organisasjonen i HMS-spørsmål
- bidra til utvikling av rutinar og HMS-styringssystem
- gjennomføre opplæring og bidra til kompetanseheving
Kvalifikasjonar
- erfaring fra maritim, offshore eller anna operativ verksemd
- erfaring med HMS-, sikkerheits- eller kvalitetsarbeid
- relevant utdanning (HMS, maritime fag eller tilsvarande)
- kompetanse innan risikostyring og gransking av hendingar
- gode framstillingsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
- erfaring frå fartøy eller drift av fartøy er ein fordel
Dine personlege eigenskapar
- strukturert og sjølvstendig med god gjennomføringsevne
- engasjert og oppteken av forbetring og gode arbeidsprosessar
- gode samarbeidsevner og evne til å byggje tillit
- initiativrik og løysingsorientert
- trivst med å vere tett på drift og operativ verksemd
Kvifor velge oss? Hos oss får du
- ei sentral rolle i eit selskap i front av det grønne skiftet
- eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø med sterk kultur for samarbeid
- varierte arbeidsdagar tett på drift og fag
- eit sterkt fagmiljø og gode utviklingsmoglegheiter
- moderne kontorlokaler
- konkurransedyktige vilkår, gode forsikrings- og pensjonsordningar
- tilgang til leilegheiter og hytter som ein del av velferdsordningane
Kjenner du at dette treff deg? Da er det kanskje du som skal utvikle deg innan HMS og bidra til trygg drift i Fjord1.
Send inn søknaden din – vi vurderer kandidatar fortløpande.
Kontaktinformasjon
Eilert Nøttingnes, HMS og Berekraftsdirektør , 47656299, eilert.nottingnes@fjord1.noNina Eren Hovland Liseth, HR rådgjevar, 95152023, nina.liseth@fjord1.no
Arbeidsstad
Strandavegen 156905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5119140065
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.06.2026
Om arbeidsgiveren:
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAStipendiat
Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i informatikk - KI-tryggleik. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Denne stillinga har som mål å fremje vitskapleg forståing av dei interne mekanismane, feilmodusane og samkøyringseigenskapane (alignment) i moderne KI-verktøy som LLM-ar (store språkmodellar). Den som blir tilsett, vil bidra til forsking som kombinerer konseptuell grundigheit med empirisk analyse, og på den måten vere med på å byggje eit kunnskapsbasert fundament for tryggare og meir forståelege KI-system. Aktuelle tema kan vere:
• Å forstå «emergent» åtferd og representasjonslæring i LLM-ar
• Utvikling av kausale eller mekanistiske tilnærmingar til tolking
• Utforming av rammeverk for å styre modellåtferd i tryggleikskritiske samanhengar
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan kunstig intelligens, maskinlæring, algoritmar eller eit nærliggjande fagområde. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 30.06.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Interesse for KI-tryggleik og KI-tolking er eit krav.
- Søkjarar må kunne dokumentere sterk fagleg bakgrunn i eitt eller fleire av følgjande fagområde relevante for forsking i denne retninga: maskinlæring, avansert programmering, algoritmar.
- Sterke programmeringsferdigheiter er eit krav.
- Erfaring med programmeringsarbeid knytt til toppmoderne KI-modellar er ein stor fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
- Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Inge Jonassen, Institutt for informatikk, e-post: inge.jonassen@uib.no eller professor Jan Arne Telle, Institutt for informatikk, e-post: jan.arne.telle@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand, e-post: maria.svasand@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Om arbeidsgiveren:
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.