Einen Job finden
Finde deinen Traumjob unter Tausenden Jobangeboten in ganz Europa! Die Suchergebnisse werden von EURES – dem europäischen Portal für berufliche Mobilität – bereitgestellt.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vitnemål og attestar skal leggast inn som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Yte tenester til heimebuande personar i aldersgruppa 40 - 60 år med ulik grad av funksjonsnedsetting og heimebuande eldre.
- Ha evne til å styrke den einskilde si mestringsevne og til å leve eit aktivt og mest mogleg sjølvstendig liv.
- Utarbeide og følge opp mål og tiltaksplanar i samhandling med den einskilde.
- Sikre kvalitet i tenesteytinga i samsvar med gjeldande lovverk og den einskilde sitt behov.
- Legemiddelhandtering i samsvar med lovverk og interne rutinar.
Kvalifikasjonar
- Helse- og sosialfagleg høgskule- eller fagarbeidarutdanning.
- Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetting.
- Du må ha eit genuint ønskje om å gjere kvardagen bedre for menneska rundt deg.
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og samtidig ha gode evner til samarbeid.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Førarkort kl. B. Mottakar av tenesta disponerer bil.
Personlege eigenskapar
- Initiativrik og løysningsorientert.
- Påliteleg og lærevillig.
- Tolmodig og trygg.
- Ha fokus på kvalitetsarbeid og utvikling av gode tenester.
- Du er fleksibel og handterar at arbeidsdagen er uforutsigbar
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver knytt til den einskilde.
- Opplæring knytt til den einskilde og dei medisinske utfordringane/diagnosar.
- Tverrfagleg arbeidsmiljø med trivelege og engasjerte kollegaer.
- Moglegheit til å påvirke din eigen arbeidskvardag.
- Veiledning og oppfølging av leiar.
- Arbeid i turnus med arbeid tredje kvar helg.
- Kompetanseheving ved auke i erfaring, e-læring, fagdagar og fagtema på personalmøter.
- Pensjonsordning via KLP.
Kontaktinformasjon
Liv Skarbø Gjærde, Eininingsleiar, +47 46411180Arbeidsstad
Nymarkvegen 586200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5152740044
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Om arbeidsgiveren:
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) søkjer engasjert helsepersonell til helgestillingar – dag og kveld. Her får du moglegheita til å bidra til utviklinga av framtidas eldreomsorg, saman med dyktige kollegaer i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø.
Vi har fleire ledige faste helgestillingar med oppstart frå snarast. Stillingane er i turnus med varierande stillingsstorleik (13 - 20%).
Arbeidsstad
Fast helgestilling ved dei ulike avdelingane våre på FBBS:
- Miljøavdeling for personar med demens
- Buavdeling somatisk
- Korttids- og rehabiliteringsavdeling
Ønskjer du å bli ein del av vårt arbeidsmiljø og bli vår nye kollega er du hjarteleg velkommen som søkjar.
Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden.
Helgestilling består av arbeid 2. kvar eller 3. kvar helg. Skriv gjerne i søknad kva du ønskjer.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og omsorgsoppgåver
- Aktivisering og praktisk hjelp til pasientar og bebuarar i institusjon
- Bistå ved måltid / kjøkkenarbeid
Kvalifikasjonar
- Du har helsefagleg utdanning, eller er under utdanning
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Du har interesse for å jobbe med menneske og vurderer kanskje helsefagleg utdanning
- Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Søkjarar over 18 år vil bli prioritert, men alle vil bli vurdert
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
- Du er fleksibel, samarbeidsvillig, har gode kommunikasjonsevner og godt humør
- Du kan jobba både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Spennande og engasjert fagmiljø
- God opplæring og rettleiing i aktuell avdeling
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus i pasientnært arbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen. Studentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning
- Studentar som blir tilsett i minimum 13 % fast stilling under dokumentert utdanning til sjukepleiar eller vernepleiar, kan etter lokal ordning få tilbod om årleg stipend på kr. 15.000/20.000. Stipend blir utbetalt i juli månad, ved fast tilsetting innan 1.desember året før
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Søknadane blir handsama fortløpande. Kun aktuelle kandidatar blir kontakta og kalla inn til intervju. Vi oppmodar deg derfor om å senda inn søknaden din snarast.
Vi ser fram mot å høyre frå deg!
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om arbeidsgiveren:
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?Er du klar for å skape uforglemmelige gjesteopplevelser?
Akkurat som våre gjester elsker vi på Quality Hotel™ SAGA et skinnende rent hotell. Rene gulv, stramt sengetøy og den herlige finishen som får det til å føles bra å sjekke inn.
Nå søker vi en Housekeeper som deler vår lidenskap for orden og ryddighet. Du vil sammen med dine kolleger sørge for at gjestene får et komfortabelt opphold.
Stillingen innebærer varierte arbeidstider, inkludert helger.
Nysgjerrig på hva stillingen innebærer?
- Du vil sammen med kollegene dine, sørge for at gjestene våre føler seg som hjemme.
- Hele hotellet blir din arbeidsplass – rom, bad, fellesområder, lager og korridorer.
Høres dette ut som deg?
- Du ser detaljer som ingen andre gjør og er nøye.
- Du trives med et høyt tempo.
- Du liker orden og system.
- Erfaring fra hotellbransjen er et pluss.
Hvorfor velge Quality Hotel™ & Strawberry?
Vi tilbyr mer enn bare en jobb – vi tilbyr en plass hvor du kan vokse, både personlig og profesjonelt. På Quality Hotel™ tror vi på generøs gjestfrihet, og det gjelder også vårt personale. Hos oss får du:
- Et dynamisk og pulserende arbeidsmiljø hvor ingen dag er lik.
- Muligheter for karriereutvikling og vekst innen Strawberry.
- Personalrabatter og friends & family-priser på våre 200+ hoteller
- 25 % rabatt på mat og drikke på alle våre restauranter og barer.
- Fantastiske tilbud på opplevelser, reiser, shopping og mye mer.
Om Strawberry
Strawberry er ikke et hvilket som helst selskap i hotellbransjen – vi er en rebell med et varmt, bankende hjerte. Strawberry er en portal til en verden av mer enn 240 hotell, 120 restauranter og 20 spaanlegg, hvor vi skaper tusenvis av opplevelser hver dag. Strawberry bygger på våre kjerneverdier: energi, mot og begeisting. Vårt team, bestående av 20 000 kvalifiserte medarbeidere fra mer enn 166 land, er det som får oss til å vokse.
Forbered deg på å skape uforglemmelige gjesteøyeblikk sammen med oss!
Søk i dag for å bli en del av vårt team hvor vi sammen skal skape uforglemmelige gjesteopplevelser! Vi går gjennom søknadene fortløpende.
Søknaden sendes på mail til Hotellets husøkonom til guna.vitola@strawberry.no
Om arbeidsgiveren:
Det er en grunn til at det er akkurat du som ønsker å jobbe i Strawberry. Du ser muligheter på våre 100 destinasjoner. Du tror du vil passe inn i vårt mangfold blant 18.000 ansatte. Du er spent på våre fantastiske hotellkjeder og du har energi, mot og begeistring så det holder. Vil du vite mer ...