Blir du motivert av å utvikle og drive marknadsarbeid som skapar tettare samarbeid mellom arbeidsgivarar og jobbsøkarar? Har du sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til å byggje tillit og gode relasjonar? Likar du å kontakte og følge opp bedrifter med mål om å få fleire menneske ut i arbeid? Då kan du vere vår nye seniorrådgjevar innan marknadsarbeid.
Avdeling for tenesteinnovasjon i Nav region Bergen søker deg som vil bidra til å styrke marknadsarbeidet i regionen og hjelpe fleire menneske inn i arbeidslivet. Gjennom innsatsen vår skal fleire få moglegheit til å delta i arbeid og samfunnsliv.
Hos oss vil du få ei sentral rolle i inkluderingsarbeidet og i å vidareutvikle Nav sine tenester mot arbeidsgivarar. Du får ansvar for å oppsøkje arbeidsgivarar, løyse rekrutteringsoppdrag og byggje sterke relasjonar i næringslivet. Du vil òg representere Nav på ulike arrangement, dele marknadskompetanse internt i regionen og vere ein viktig døropnar mot næringslivet for rettleiarar i Nav.
I Avdeling for tenesteinnovasjon blir du del av eit lag på 15 engasjerte og dedikerte fagpersonar innan marknadsarbeid, tiltak og kvalifisering. Saman arbeider vi kvar dag for å gje brukarar nye moglegheiter i arbeidslivet, eller kvalifisering som styrker sjansane på jobbmarknaden.
Vi er ein framoverlent gjeng som stadig jaktar på gode løysingar og betre tenester for brukarane våre. Her får du både jobbe sjølvstendig og i team, med stor fridom til å forme din eigen arbeidskvardag. Framfor alt får du høve til å gjere ein reell forskjell – for enkeltmenneske, for arbeidsgivarar og for samfunnet.
Arbeidsoppgåver
- Oppsøke og følge opp arbeidsgivarar
- Bygge og vedlikehalde sterke relasjonar i næringslivet
- Løyse rekrutteringsoppdrag og kople jobbsøkarar med bedrifter
- Utvikle og styrke Nav sine tenester mot arbeidsgivarar
- Representere Nav i eksterne fora med næringsliv og andre samarbeidspartnarar
- Planlegge og opprette møteplassar for arbeidsgivarar og arbeidssøkjarar
- Vere ein ressursperson og bidra til kompetanseheving innanfor marknadsområdet internt i Nav-kontora
- Vere pådrivar for å utvikle marknadsarbeidet i samarbeid med Nav-kontor, kommune, fylkeskommune og andre
- Samarbeide tett og tverrfagleg med kollegaer i avdelinga, for å skape moglegheiter for Nav sine prioriterte målgrupper
Nav er i stadig endring og utvikling, så variasjon og endringar i arbeidsoppgåvene må påreknast.
Kvalifikasjonar
- Fullført utdanning på minimum bachelornivå. Gjerne frå fagområde som til dømes marknadsføring, økonomi og administrasjon eller samfunnsfag. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- Erfaring frå marknadsarbeid, sal eller relasjonsbygging
- Digital kompetanse og gode digitale ferdigheiter
- God skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk
Det er ønskeleg, men ikkje eit krav, at du har
- Erfaring med rekruttering, inkludering eller bemanningsarbeid
- Erfaring med samarbeid med næringslivet og forståing for arbeidsgivarar sine behov
- Kompetanse frå prosjektarbeid eller tenesteutvikling, gjerne innan offentleg sektor
- Erfaring med kommunikasjon og representasjon utad, til dømes møte eller arrangement
- God kjennskap til Nav sitt samfunnsoppdrag og tenester
Vi ser etter deg som
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Bygger tillit og relasjonar på en naturleg måte
- Tek initiativ og gjennomfører oppgåver med energi og struktur
- Er strategisk og ser samanhengar i marknadsarbeidet
- Er fleksibel og tilpasningsdyktig i møte med endringar
- Trivst både med sjølvstendig arbeid og lagarbeid
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- Ei spennande og attraktiv stilling i eit godt og marknadsorientert fagmiljø
- Aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- Velferdsgode som fleksibel arbeidstid, og moglegheit for trening i arbeidstida
- Stilling som seniorrådgivar i stillingskode 1364, med lønnsspenn frå kr. 675 000 til kr. 730 000 pr år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om å jobbe i Nav
Kontaktinformasjon
Maj-Nan Tørrisplass, Fungerande avdelingsleiar Tjenesteinnovasjon, 982 64 835, maj-nan.torrisplass@nav.no
Arbeidssted
Møllendalsveien 8
5020 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5052115701
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.01.2026
Om arbeidsgiveren:
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling