Ålesund kulturskole søkjer ein fagleg engasjert og inspirerande lærar i visuell kunst i ei 20 % fast stilling
Som lærar i visuell kunst vil du få ansvar for å planlegge og gjennomføre undervisning for elevar på ulike nivå, både individuelt og i grupper. Her får du vere med å utvikle gode læringsopplevingar for barn og unge. Undervisninga vil i utgangspunktet foregå på Vatneeidet (Haram)
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av undervisning i visuell kunst
- Skape trygge, inkluderande og utviklande læringsmiljø
- Tilrettelegging for elevar med ulike behov og føresetnader
- Delta i tverrfaglege prosjekt og kulturskolens arrangement
- Samarbeid med føresette og kollegaer
- Bidra til vidareutvikling av fagområdet i kulturskolen
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan visuelle kunstfag (kunst, kunstpedagogikk, kunst og handverk eller tilsvarande)
- Tilstrekkeleg pedagogisk kompetanse
- Erfaring frå undervisning i visuell kunst (særleg for barn og unge) er ein fordel
- God digital kompetanse
Det er krav om politiattest, jf. OPL § 17-11.
Undervisningen skjer på norsk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er kreativ, initiativrik og fagleg engasjert
- har god formidlingsevne og skaper tryggleik og motivasjon hos elevane
- har gode samarbeidsevner
- er strukturert og sjølvstendig i arbeidet ditt
- bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Samarbeid og oppslutning om kommunen sine verdiar, open - engasjert - modig, er viktig for oss
Vi tilbyr
Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, eit godt arbeidsmiljø og stor fleksibilitet i å utvikle faget og eigen arbeidskvardag.Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regler og avtaleverk.
Undervisningsstillinger i kulturskolen er plassert i kap. 4 B i HTA etter kompetanse og ansiennitet.
Kontaktinformasjon
Miguel Angel Camacho Campins, Konstituert virksomhetsleder, 471 50 519Arbeidsstad
Larsgårdsvegen 66009 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde SamfunnReferansenr.: 5102590821
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026
Om arbeidsgiveren:
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.