europass

Einen Job finden

Finde deinen Traumjob unter Tausenden Jobangeboten in ganz Europa! Die Suchergebnisse werden von EURES – dem europäischen Portal für berufliche Mobilität – bereitgestellt. 

Suchergebnisse
Zeige 47778 Ergebnisse

Sort by
Lærar i elektrofag/automatisering
SURNADAL VIDAREGÅANDE SKULE
Norway, SURNADAL
Surnadal vgs søkjer lærar i 100% fast stilling på avdeling for elektro- og datateknologi frå 1. august 2026.

Surnadal vidaregåande skole er ein kombinert skole. Skolen ligg i Surnadal kommune på Indre Nordmøre og har omlag 200 elevar og 40 tilsette. Skolen har 5 utdanningsprogram:

Helse- og oppvekstfag
Elektro og datateknologi
Teknologi- og industrifag
Bygg- og anleggsteknikk
Studiespesialisering
 

Arbeidsoppgåver

  • Teoretisk og praktisk undervisning etter læreplan på avdeling for elektro- og datateknologi på alle trinn: Vg1 elektro- og datateknologi, samt automatisering
  • Samarbeid med faglærarar, leiing og andre tilsette ved skolen
  • Samarbeid med andre faginstansar og næringsliv
  • Oppfølging av elevar, både fagleg og sosialt.

Kvalifikasjonar

  • Yrkesfaglærarutdanning i elektrofag er ønskeleg.
  • Andre med kompetanse eller utdanning i automatisering.
  • Annan relevant utdanning kan vurderast. 
  • Det er ein fordel med god digital kompetanse.
  • Må beherske norsk, både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • Trivst i lag med ungdom og har god evne til relasjonsbygging.
  • Er ein trygg og tydeleg vaksen, både i og utanfor klasserommet.
  • Er fleksibel og løysingsorientert.
  • Har god evne til å samarbeide med tilsette, føresette og eksterne aktørar.
  • Bidrar positivt til utviklingsarbeid.

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø.
  • Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande reglar.

Kontaktinformasjon

Hilde Andersen, Rektor, +47 99637279

Arbeidsstad

Øyatrøvegen 30
6650 SURNADAL

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5079006886
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 19.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Om skolen (surnadal.vgs.no)
Skolen ligg fint til på Øye i Surnadal omlag 1 km frå kommunesenteret Skei. Surnadal vidaregåande skole er ein kombinert skole med både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Skolen har nyrestaurerte lokale med idrettshall, kunstgrasbane og friluftsområde like ved.

Se her! Nå er du veldig heldig! Vi i Lensmannsgarden er på jakt etter DEG som ny tilkallingsvikar!
LENSMANNSGARDEN BARNEHAGE
Norway, VARHAUG

Vi har engasjerte og motiverte medarbeidere som gjerne får med en ny på laget!

Visjonen vår er «Varme hjerter- gode øyeblikk»

Kunne du tenkt deg å bidra, og gi av deg sjølv? Har du et varmt hjerte, og stor omsorg for de yngste? Da må du søke! Vi gleder oss til å bli kjent med deg!

Vi leter etter deg som:
Er god på å opprette og opprettholde relasjoner til ungene
Som kan være en tydelig og god voksen
Er engasjert og motivert for å være med ungene
Ser de små øyeblikkene, og verdsetter dem
Er i aktivitet og leker med ungene
Gir av deg sjølv
Er god på samarbeid, og er positiv og løsningsorientert
Stabil og selvstendig
Har humor og pågangsmot
Kan stille på kort varsel

Vi kan tilby:
En aktiv hverdag
Gode, motiverte og engasjerte medarbeidere
Godt faglig miljø

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har over 20 000 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar! Tilgjengelighetserklæring
ID 2439 Driftsoperatør tømrarfag - Eining for tekniske tenester
STORD KOMMUNALTEKNIKK
Norway

Tekniske tenester er ei eining i Stord kommune som er lokalisert i Rundehaugen 45, på Heiane. Avdeling bygg, reinhald og bustad har ansvar for drift og vedlikehald av kommunen sin bygningsmasse, mellom anna 9 grunnskular, 5 kommunale barnehagar, 2 store helseinstitusjonar, kultur- og idrettsbygg og administrasjonsbygg.

Avdelinga har 16 driftsoperatørar innan ulike fag, og har behov for å styrkja kompetansen innan tømrarfaget.

Det er ledig fast 100 % stilling som fagarbeidar med relevant fagbrev.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Vedlikehaldsoppgåver

  • Rehabilitering

  • Renovering

  • Ombygging

  • Service

  • Vaktordning

Kvalifikasjonskrav:

  • Fagbrev innan byggfag, anten som tømrar eller byggdriftar

  • Førarkort for bil, minimum klasse B. Det er ein fordel med andre sertifikat, til dømes for lift og stillas

  • Evne til å arbeida sjølvstendig

  • Komfortabel med bruk av digitale verktøy

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Medlemskap i Stord ve og vel, med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, hytte på Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare informasjon om stillinga kan de få ved å kontakta avdelingsleiar, Tekniske tenester Leif Rune Gravdal, 975 52 020

Om arbeidsgiveren:

Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Sjukepleiar
VAKSDAL SJUKEHEIM
Norway, VAKSDAL

Om stillingen 

Jamnetunet Bu- og behandlingssenter søker deg som brenn for fagleg kvalitet, heilskaplege tenester og kontinuerleg utvikling. Vi har no ei fast stilling i 70 % (dag, kveld og mogleg langvakt). Vi kan sjå på moglegheita for å tilby full stilling dersom det er ønskjeleg. 

Stillinga er for tida plassert på bueining og korttidsavdeling. Her er det 10 langtidsplassar, og 6 korttidsplassar.

Som sjukepleiar i kommunehelsetjenesta møter du pasientar med sammensatte behov – noko som gjev spennande og meiningsfulle faglege utfordringar. 

Det blir lagt stor vekt på kompetanseheving og vi ønskjer å skape gode moglegheiter for fagleg utvikling for alle tilsette. Internundervisning er ein fast og viktig del av arbeidet vårt. Er du sjølvstendig og god på samarbeid, trur vi du vil trivast hjå oss! 


Arbeidsoppgåver 

  • Pasientretta, sjukepleiarfagleg arbeid knytt til pleie, behandling og miljøretta tiltak. 
  • Dokumentasjon iht. lovverk og interne rutinar 
  • Følge opp tiltak og planar 
  • Legemiddelhandsaming 
  • Primæroppgåver, kommunikasjon og samarbeid med pårørande
  • Rettleiing og oppfølging av nytilsette og studentar
  • Bruk av velferdsteknologi 

Kvalifikasjonskrav 

Vi søker primært etter sjukepleiar, men vernepleiar kan bli vurdert

  • Godkjent politiattest 
  • Gode samarbeidsevner og evne til å kommunisere tydeleg og respektfullt
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
  • Du er open for endring og utvikling
  • Grunnleggande digital kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstilling, norskkunnskapar tilsvarande B2

Personlege eigenskapar vert vektlagt. 


Vaksdal kommune tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Gode moglegheitar for støtte til utdanning
  • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg

Om arbeidsgiveren:

Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.

Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Miljøarbeidar i TTF 
FYRESDAL KOMMUNE HEIMEBASERTE TJEN
Norway, FYRESDAL

TTF er bustadar som ivaretek brukarar med nedsett funksjon av ulik grad. Det er både fastbuande brukarar og avlastningstilbod. Vi ynskjer oss ein miljøarbeidar som ser heilskapen, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, empatisk, initiativrik, og som likar å jobbe i eit utfordrande og spanande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Vi skal spele kvarandre gode!

Stillinga er eit ledd i å styrke tenesta og vil samarbeide tett med fagansvarleg vernepleiar og andre faggrupper som jobbar i tenesta og på tvers med andre tenester som helse og skule. Stillinga som no blir lyst ut vil jobbe med fleire brukarar.


Arbeidsoppgåver

Oppfylging av brukarar i ulik alder med fokus på tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell og spesialisthelseteneste.

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg bakgrunn.
  • Erfaring frå og interesse for arbeid med personar som har utviklingshemming og funksjonsnedsetting vil vere ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Vi ynskjer søkarar som er gode på relasjonsbygging og som har stor forståing for viktigheita av det i arbeid med brukarar.
  • Den vi søker må takle stress og nye utfordringar, vere fleksibel og samarbeidsvillig, og like varierande arbeidsoppgåver.
  • Du må kunne jobbe i team, og kunne stå åleine med hovudansvar.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
  • Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor – med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
  • Turnus med langvakter og komprimerte friperiodar.
  • Løn etter avtale.
  • Hjelp til å skaffe bustad.

Kontaktinformasjon

Anne Veum, Kommunalsjef , +47 95177421, anne.veum@fyresdal.kommune.no

Arbeidssted

Tøddekroken 1
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 5104770522
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 12.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve. 

 

Vik kommune har ledig fleire stillingar som turistvertar og hamnevertar for sesongen 2026
VIK KOMMUNE TENESTETORG
Norway, VIK I SOGN

 

Vik kommune søkjer etter positive og serviceinnstilte medarbeidarar til turistinformasjonen og cruisehamna for sesongen 2026.

Har du fylt 18 år og kan eitt eller fleire framandspråk, eller ønskjer du ei praktisk og variert deltidsstilling? Er du fleksibel, likar å møte nye menneske og trivst i ein aktiv kvardag? Då vil me gjerne høyre frå deg! Me ser etter turistvertar til Vik Turistinformasjon på Kristianhus og hamnevertar/vakt og sikring ved Vik cruisehamn. Du kan vera student, pensjonist, ha annan jobb ved sida av, eller berre ønskje ein spanande deltidsjobb i sommar- og haustsesongen. Naudsynt opplæring vil bli gitt.

 

Om sesongen
Cruisesesongen i Vik går frå 16. april til 28. oktober 2026. Me treng folk som kan jobbe heile eller delar av perioden, og er spesielt interesserte i deg som har høve til å ta vakter ved cruiseanløp. Turistinformasjonen skal vera open frå 17. mai og ut august.


Kva me ser etter
Me ønskjer å kome i kontakt med deg som:
• har fylt 18 år
• er serviceinnstilt og positiv
• trivst med å møte menneske frå heile verda
• er fleksibel og kan jobbe etter behov
• kan tysk eller engelsk, eller gjerne begge 
• likar både praktiske oppgåver og arbeid med informasjon

 

Løns- og tilsetjingsvilkår

Løn etter kommunalt avtaleverk.

 

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

 

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Vik kommune har omlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk. Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.
Vil du være en del av mitt BPA team? Hyggelig dame søker etter omsorgsfulle og sosiale assistenter til sommeren
MEDVIND ASSISTANSE AS AVD SØRVEST
Norway, KOPERVIK
Jeg er ei positiv og sosial  dame I midten av 40 årene som søker etter assistenter som kan jobbe i sommer, men også som vikar etter sommeren.
Det vil være dag, kveld og våken nattevakter. 
Jeg setter pris på de gode øyeblikkene og liker bl.a. å være kreativ, danse og å synge når formen tillater dette. Jeg har også  svart belte i shopping og liker å ta en god kopp kaffe hjemme eller på kafe hvor vi kan ta en god og hyggelig prat 
Du må kunne se hele meg og kunne se hvilke behov jeg har. Jeg har en utfordrende sykdom som i perioder styrer mye av livet mitt. Du må være omsorgsfull, tålmodig og kunne gjøre oppgaver på eget initiativ. Det viktigste for meg er at kjemien stemmer, og at både du og jeg skal trives å være med hverandre 
De som jobber hos meg får god opplæring og dere får en god innføring i hvordan dere kan legge til rette for at jeg skal ha en best mulig hverdag. Jeg er selv arbeidsleder (har og medarbeidsleder) og jeg setter pris på god og åpen kommunikasjon. Jeg kan selv utrykke mine behov
For meg er det viktig med et godt arbeidsmiljø. Vi legger derfor godt til rette for at vi skal finne en turnus som passer deg.
  

Trenger hjelp til lett av og påkledning 
Medisinering: hos meg får du medisinkurs om ikke har dette 
Takle stressende situasjoner når jeg har dårlig form 
Være omsorgsfull, rolig men samtidig kunne være sosial og positiv 
Stelle i stand lette måltider 
Hjelp til husarbeid 
Må like hund da dere må gå tur med hunden 

 
 
 

Medvind Assistanse AS er et norskeid selskap som leverer likestillingsverktøyet BPA for mennesker med funksjonsvariasjon. For funksjonsvarierte skal BPA bidra til å til å gi mulighet til å leve et aktivt og selvstendig liv med fokus på selvrealisering og samfunnsdeltakelse. BPA handler like mye om friheten til å kunne velge hvilket liv man vil leve, og hvem man vil være. Med BPA skal man i størst mulig grad kunne ivareta plikter, interesser, behov og ønsker som alle andre samfunnsborgere. Medvind Assistanse AS ble stiftet i 2020 og har lokale kontorer i store deler av landet.

Om arbeidsgiveren:

null
Barnehagelærar
HAFSLO BARNEHAGE
Norway, HAFSLO

Hafslo barnehage har 60 plassar fordelt på 3 avdelingar.
Det er ca. 15 tilsette i barnehagen.

Vi legg stor vekt på overgangar i barna sine liv. Det å byrje i barnehagen eller på ny avdeling, den gode trygge starten. Vi har eit tett samarbeid med skulen og den andre barnehagen i bygda med fokus på overgang til skulen. Barnehagen har tradisjonar som har vore med oss i mange år, men er også opptekne av å fornye oss i forhold til endringar i samfunnet. Vi er opptekne av god tilrettelegging for alle barn. Vårt satsingsområde er ASK (alternativ supplerande kommunikasjon).

Stillingsinformasjon

  • Inntil 100 % fast stilling som barnehagelærar frå 01.08.2026
  • 60 % vikariat i tida 01.08.2026-01.04.2027

 Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning som barnehagelærar

Personlege eigenskapar me vil leggje vekt på:

  • gode samarbeidsevner
  • ein vaksen som er til stades for barna og er oppteken av deira behov
  • tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
  • vere fleksibel og skape gode relasjonar til både barn, foreldre og medarbeidarar
  • oppteken av å lære nytt og bidra med eigen kunnskap inn i barnehagen
  • likar å leike 

Då menn er underrepresentert hjå oss, vert menn oppfordra til å søkja.

Me kan tilby

  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar 

  • Den som vert tilsett må legga fram politiattest av nyare dato
  • Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervjuAdministrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Hafslo barnehage er godkjent for 60 plassar for barn i alderen 0-5 år. Barn under 3 år tek opp 2 plassar.
Vigrestad Barnehage har ledig to 100 % barnehagelærerstillinger fra 1.8.2026:
VIGRESTAD BARNEHAGE
Norway, VIGRESTAD

Vi søker deg som:
- er en autoritativ voksen
- er sensitiv og møter det enkelte barns behov på en varm og god måte
- er positivt engasjert og byr på deg sjølv
- er selvstendig og har samarbeid og gjennomføringsevne
- bidreg til at barnehagen forblir ein lærande og fagleg organisasjon
- ser kvart enkelt barn innanfrå
- bidrar til fagleg vekst og utvikling i barnehagen
- er tydelig og trygg i voksenrollen
- er strukturert og tar ansvar
- har godt humør og pågangsmot

Vi tilbyr
- Et godt og utviklande fagleg miljø
- Engasjerte medarbeidere
- Medarbeidarar med god fagleg kompetanse
- Veiledning
- Eit kjempekjekt personalmiljø

Kvalifikasjonar
- Du har godkjent barnehagelærarutdannelse eller tilsvarande bachelorgrad.
- Du har gode språkferdigheiter i norsk, både skrivleg og munnleg
- Du behersker relevante dataverktøy, nødvendig opplæring gis.

Personlege eigenskaper vektleggast.

For tilsetjing i barnehage må personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk ha avlagt ei norskprøve og oppnådd nivå A2 på delprøven i skrivleg framstilling, og nivå B1 på delprøvene i lese-/lytteforståing og munnleg kommunikasjon, jf. Det felles europeiske rammeverket for språk.

Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attester oversatt til et skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyere enn tre måneder må leveres før tiltredelse.

Ansettelsesvilkår
Ansettelsen skjer på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysningen, og de til en hver tid gjeldende lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordninger med ulykkesforsikring i fritiden. Kommunen har prøvetid på 6 måneder og regler for flyttegodtgjørelse. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har over 20 000 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar! Tilgjengelighetserklæring
Pota Madre Sogndal søker daglig leder fra juni 2026!
POTA MADRE SOGNDAL AS AVD SOGNDAL
Norway, SOGNDAL

Pota Madre Sogndal ser etter daglig leder fra juni 2026!

Pota Madre har startet opp 13 ulike lokasjoner, hvorav én i USA. Vi er et selskap i stor vekst, med store muligheter for videre utvikling og potensial.

Er du glad i å jobbe i høyt tempo, yte kundeservice, og ta ansvar? Søk da vel!

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som:

  • Er positiv og serviceinnstilt

  • Er fleksibel på arbeidstid (dag/kveld/helg)

  • Jobber effektivt og selvstendig

  • Er pålitelig og arbeidsom

  • Trives i et hektisk miljø

  • Må beherske norsk eller engelsk

Hos oss jobber vi med tempo, kvalitet og ekte arbeidsglede!

Arbeidsoppgaver

Stillingen vi tilbyr som avdelingsleder vil innebære:

  • Å jobbe som pote-montør, med ansvar for personale, opplæring av nyansatte, kvalitetssikring og oppfølging av rutiner, varebestilling og vare-kontroll samt ulike typer problemløsning som kan oppstå i ei matvogn. Alt i tett samarbeid med Driftsleder.

  • Denne stillingen krever en viss egnethet, hvor vi leter etter noen som klarer å sjonglere mange baller i luften, og får ting gjort effektivt og ordentlig, selvsagt med god støtte fra driftsleder og administrativt team.

Vi tilbyr

Det vi tilbyr:

  • God lønn

  • Mulighet til å forme hverdagen etter ansatte.

  • En variert hverdag med fokus på service, kvalitetssikring, videreutvikling og strukturering.

  • God opplæring - alt fra små detaljer til det store bildet

  • Mulighet for vekst og mer ansvar

  • Eksepsjonelt hyggelige kunder (et stort pluss!)

Vi tar mye stolthet i produktet vi serverer og produserer. Mye arbeid har gått inn i å lage oppskriftene, finpusse dem og ikke minst kvalitetssikre alle stegene i prosessen -- fra råvare til produksjonsskjøkken, matlaging i vogn og til slutt servering. Denne jobben handler i stor grad om å være med på å videreutvikle struktur, system i vogn, opplæringsmetode og kvalitetssikring.

Om arbeidsgiveren:

Pota Madre er et matvogn-konsept i stor vekst. Du finner oss i Bergen, Eidfjord, Odda, Voss, Haugesund, Stavanger og Sogndal.

Vi tilbyr bakt potet med ulike typer topping og tilbehør.

Go to top