europass

Einen Job finden

Finde deinen Traumjob unter Tausenden Jobangeboten in ganz Europa! Die Suchergebnisse werden von EURES – dem europäischen Portal für berufliche Mobilität – bereitgestellt. 

Suchergebnisse
Zeige 49167 Ergebnisse

Sort by
Lærarar i grunnskulen
ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE KOMMUNALSJEF OPPLÆRING OG KULTUR
Norway, HEGGENES

Arbeidet i skulen er spennande og varierande. Øystre Slidre kommune erkjenner at ein i for stor grad kan bruke tid på enkeltsaker og andre oppgåver. Vi arbeider derfor med å endre tidsbruken meir over til fag og undervisning. Vi meiner det er viktig at lærarane i mest mogleg grad får undervise i faga dei har. For å lykkast er det viktig med god kollegastøtte, og at vi saman i alle ledd, frå administrasjonen i kommunen til kvar enkelt tilsett, legg til rette for gode arbeidskvardagar med elevane i sentrum. Vi har eit godt grunnlag å bygge på med gode, engasjerte tilsette. Synast du dette virkar spennande, håpar vi du vil søke jobb hjå oss. 

Det er ledige stillingar både i barne- og ungdomsskulen. 

 

Barneskulane:

På barneskulane er det ledig 175% fast stilling ved Lidar skule frå skuleåret 26/27. Fordelinga mellom barneskulane kan bli endra, og det kan bli ledig stilling ved Rogne skule, så vi oppfordrar derfor også søkarar som ynskjer å arbeide på Rogne skule, til å søke. Behovet for tilsettingar kan bli større.

Lidar skule har 97 elevar komande skuleår. Det er sju klassar i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring.
Vi organiserer oss i to team, 1.-4. trinn og 5.-7. trinn.  Vi har eit eit godt arbeidsmiljø, ein godt etablert delingskultur og eit kollegium som set elevane i sentrum.

Rogne skule vil ha omlag 110 elevar komande skuleår og har over tid arbeidd med satsing på trygt og godt skulemiljø. På 5.-7. trinn har vi ein skuledag i veka med tverrfagleg arbeid der elevane jobbar med praktiske, kreative og estetiske arbeidsmåtar, i små grupper som er inndelt på tvers av klassetrinn. Vi samarbeider tett på trinn og i team i eit stabilt kollegium som tør å tenkje ulikt og som utfyller kvarandre godt. 

 

Øystre Slidre ungdomsskule:

Øystre Slidre ungdomsskule har følgjande ledige stillingar:

  • 100% vikariat som lærar for skuleåret 2026/2027. Delar av eller heile stillinga kan bli gjort om til fast stilling.  
  • 200% vikariat som lærar i perioden 01.08.26-31.12.26. 

 

ØSUS har 100 elevar komande skuleår. Vi jobbar i hovudsak i team. Mykje av samarbeidet i basisfaga foregår i fagseksjonar som vi set av tid til gjennom skuleåret. På ØSUS er vi opptekne av å skape gode relasjonar med både elevane og foreldra. Elevane har gitt dei vaksne på skulen ei klar forventning om at dei vil ha tydelege og synelge vaksne.  Dette er eit godt mål å arbeide mot for oss på skulen.  Vi ønskjer å legge tilrette for at skulekvardagen blir så god som mogleg for ungdomane våre, med tydelege rammer og forventningar, både fagleg og sosialt. Hjå oss vil du møte engasjerte og motiverte vaksne som set pris på godt kollegialt samarbeid og fellesskap. Men den viktigaste oppgåva vår er å skapa gode samfunnsborgarar av ungdommane våre, som er rusta for å handtere livets medgang og motgang. 

 

På alle skulane kan det bli andre ledige stillingar.

Vi bed om at du spesifiserer i søknaden kva for skule(r) du ynskjer å arbeide på.

 

Vi ser fram til å høyre frå deg! 


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning
  • Kontaktlærarfunksjon
  • Vera med å skape aktivitet og tryggleik i skulemiljøet
  • Delta aktivt i utviklingsarbeidet i skulen

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning for å bli tilsett i lærarstilling i grunnskulen, jmf. Forskrift til opplæringslova, §12-1-6
  • Lærarar med trygg og god klasseleiing som legg til rette for fagleg fokus
  • God relasjonskompetanse
  • Gode faglege og didaktiske ferdigheiter
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Lærarstudentar kan bli vurdert for tilsetting på vilkår om at utdanninga blir fullført. 

Personlege eigenskapar

For elevane i Øystre Slidre er det viktig at du:

  • er ein trygg klasseleiar 
  • er ein tydeleg vaksen som rettleiar elevane når dei treng det
  • kan bygge gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane
  • har gode samarbeidsevner, er fleksibel, robust og er ein god lagspelar
  • har fokus på fagleg og sosial læring og utvikling
  • ser verdien av og tek initiativ til å løyse oppgåver og utfordringar saman i team
  • har ynskje om å utvikle deg vidare som lærar saman med profesjonsfellesskapen

Vi tilbyr

Når du kjem til oss i Øystre Slidre, vil du møte vaksne som er opptekne av relasjonsskaping, fagleg utvikling og samarbeid. Tilsette ved skulane har gode verdiar for samhandling med elevar, foreldre og kolleger. Gjennom Læringsmiljøprosjektet har skulane og barnehagane i kommunen eit felles fokus på å skape gode oppvekstmiljø og gode vilkår for læring og trivsel ved skulane våre.

På skulene hjå oss verdset vi høgt det å ha eit godt miljø. Respekt, samarbeid, lagspel og humor er viktige faktorar i kvardagen. Elevane våre er i læring til å bli best mogleg rusta til å møte samfunnet som vaksne personar. Leiinga på skulane våre er og oppteken av å vere ei støtte og tilstades for personalet sitt. Vi opplever at vi samarbeider godt med elevane våre og dei treng tydelege vaksne som kan rettleie dei når det trengs. Vi har gode skulebygg og uteområde/lokalområde som innbyr til uteskule og allsidig aktivitet.

  • Som nyutdanna får du både individuell rettleiing og grupperettleiing. 
  • Kontaktlærarane i Øystre Slidre får utvida tid til kontaktlæraroppgåver dersom du har fleire enn 15 elevar. Det blir fleire kontaktlærarar dersom trinnet har meir enn 20 elevar.
  • Vi oppfordrar og legg til rette for vidareutdanning.
  • Lærarar har telefongodtgjering og einskilde trinn og fag har og lokal avtale om arbeidstøy. 
  • Kommunen kan tilby gode forsikrings- og pensjonsordningar og flyttegodtgjering.

Kontaktinformasjon

Siv Theodorsen, Rektor ØSUS, 417 61 631
Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, 996 90 813
Are Alund, Rektor Rogne skule, 997 34 175

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5091288247
Stillingsprosent: 100, 90%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 06.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Utdanningsstillingar i spesialsjukepleie
HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK
Norway, ÅLESUND

Søk utdanningsstilling og bli spesialsjukepleiar – ta steget mot framtidas helsevesen! 

Helse Møre og Romsdal har eit behov for spesialsjukepleiarar, og no lyser vi ut utdanningsstillingar. Som spesialsjukepleiar hos oss blir du ein nøkkelperson i utviklinga av framtidas sjukehustilbod i Møre og Romsdal. Du vil jobbe i moderne spesialavdelingar saman med dyktige kollegaer og vere med på å forme eit nytenkande helsevesen.  

Vi søker deg som ønsker fagleg utvikling, interessante utfordringar og ein givande jobb!  

Er du klar for å ta neste steg? Bli med oss – din kompetanse gjer ein forskjell!  

Vi tilbyr utdanningsstillingar for vidareutdanning (90 studiepoeng) i:  

  • Anestesisjukepleie (Ålesund sjukehus) 
  • Intensivsjukepleie (SNR Hjelset og Ålesund sjukehus) 
  • Operasjonsjukepleie (SNR Hjelset og Ålesund sjukehus) 
  • Akuttsjukepleie (SNR Hjelset, Ålesund sjukehus, Volda sjukehus) 
  • Barnesjukepleie (Ålesund sjukehus)

For deg som søker anestesi, intensiv, operasjon, eller barn, og skal studere ved NTNU, gjer deg kjent med informasjonen på NTNUs heimesider. Ver merksam på avsnittet om å Avslutte etter 90 studiepoeng, og sjå semesterplan for kull 2026. Utdanningsstillingane gjeld dei som søker master i spesialsjukepleie, og vel vidareutdanningsløpet (90 studiepoeng) og er ferdig (utan mastergrad) i januar-februar 2028. Helse Møre og Romsdal har avtale med NTNU om praksisstudiar for studentar innan AIO. 

For Akuttsjukepleie har vi avtale med OsloMet om at ein kan ta praksisstudiane i Helse Møre og Romsdal.  

Vi tilbyr Utdanningsstilling (120 studiepoeng) i: 

  • Master i jordmorfag (SNR Hjelset og Ålesund sjukehus)

Send inn søknad på utdanningsstilling inklusive vitnemål, tenestebevis (datert 2026) og referansar innan 15. april 2026. Ansvarlege leiarar i dei ulike fagmiljøa avgjer kven som får tilbod om utdanningsstilling.  

Primært gjeld tilbodet om alle utdanningsstillingane for sjukepleiarar som ikkje allereie er spesialsjukepleiarar.  

Dersom du får tilbod om utdanningsstilling i Helse Møre og Romsdal, mottek du stønad ut frå gjeldande retningsliner. Hugs å søke om opptak på aktuell studiestad innan gjeldande frist, og søk om tidleg opptak der mogleg.  

Studentar frå alle relevante utdanningsinstitusjonar er velkomne til å søke.

Vi håper å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Følgje studiestadens studieplan, og møte på all undervisning i teori og i praksisstudiar
  • Arbeide minst 4 veker i løpet av sommaren etter første studieår
  • Etter avslutta utdanningsløp får du bindingstid ved sjukehusa i føretaket, som hovudregel i tredelt turnus

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Tildelt studieplass på master i spesialsjukepleie
  • Minst 2 år med relevant klinisk erfaring som sjukepleiar i 100% stilling ved oppstart av studiet 
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel.

Oppgi referansar frå minst to ulike arbeidsgjevarar/tilsetjingsforhold.

Personlege eigenskapar

  • Vi søker etter deg som er motivert for å utvikle spesialsjukepleiefaget og helsetenesta
  • Du kan stå i endring, er fleksibel, vil jobbe tverrprofesjonelt, og har gode kommunikasjonsevner
  • Du er også kunnskapssøkande og har interesse for teknologi og digitale løysningar, og planlegg ei framtid som spesialsjukepleiar i Helse Møre og Romsdal

Personleg eignaheit blir vektlagd.

Vi tilbyr

  • Utdanningsstillingane innan anestesi, intensiv, operasjon, barn og akuttsjukepleie har tilbod om 90% løn i 1,5 år av studietida (90 studiepoeng), det er 2 års bindingstid i 100% stilling, i tredelt turnus, etter avslutta vidareutdanning
  • For master i jordmorfag er utdanninga 2 år (fire semester, 120 studiepoeng), og vi tilbyr 90% løn og 3 års bindingstid i 100% stilling i tredelt turnus
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid 
  • Ein inkluderande arbeidsplass 
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Etter fullført utdanning tilbys du tilsettingsforhold i HMR    

Hugs å sende søknad til aktuell utdanningsinstitusjon innan studiestadens søknadsfrist.

Når du har fått studieplass, last opp bekreftelse på dette i din søknad på Webcruiter og send samtidig e-post via Webcruiter om at du har fått studieplass.  

Avdelingane som har behov for spesialsjukepleiarar i utdanningsstilling tek gjerne imot deg for hospitering. Ta direkte kontakt med aktuell seksjonsleiar for avtale.  

Søknadsfristen for alle utdanningsstillingane i Helse Møre og Romsdal er 15.04.26.   

Kontaktinformasjon

Kjetil Skjærset, Intensiv SNR, kjetil.skjaerset@helse-mr.no
Camilla Gagnat Tornes, Operasjon SNR, Camilla.Gagnat.Tornes@helse-mr.no
Ingeborg Hjertvik, Føde og barsel SNR, ingeborg.hjertvik@helse-mr.no
Bjørg Indbjør, Akuttmottak SNR, Bjorg.Indbjor@helse-mr.no
Arild Hevrøy, Anestesi Ålesund, arild.solbakken.hevroy@helse-mr.no
Kristin Merete Haram, Operasjon Ålesund, Kristin.Merete.Haram@helse-mr.no
Marit Vatsaas Vinje, Intensiv Ålesund, Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.no
Marianne Høgsberg Bakken Omvik, Føde Ålesund, Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.no
Kristin Vestnes Sunde, Akuttmottak Ålesund, Kristin.Vestnes.Sunde@helse-mr.no
Ann-Iren Vartdal, Nyfødt intensiv Ålesund, Ann-Iren.Vartdal@helse-mr.no
Hedvig Tone Høydalsvik, Akuttmottak Volda, hedvig.tone.hoydalsvik@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5067512913
Stillingsprosent: 100%
Utdanningsstilling
Søknadsfrist: 15.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Helge- og tilkallingsvikarar
HARAM KOMMUNE ADMINISTRASJON
Norway, TENNFJORD

Helse og omsorg, Haram indre, søkjer sjukepleiarstudentar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleieassistentar.

Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar. Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingane, nokre inntil 14 timar. 

Eidet omsorgssenter opna i 2017 og ligg på Eidet mellom Vatne og Tennfjord, og er ein del av Haram Omsorgssdistrikt. Haram indre består av Eidet Omsorgssenter, Dagsenter Eidet og heimetenestesta. Eidet omsorgssenter avd. 1 - langtid, HDO (heildøgnsomsorg) og korttid

Vi behandlar søknadar fortløpande.

Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane. 

Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

Du kan søkje deg til desse avdelingane:

HEIMETENESTA

Heimesjukepleien yter teneste til personar som, på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing, har behov for hjelp i kvardagen, men som framleis bur i eigen heim. Tenesta gir praktisk bistand og helsefagleg oppfølging i situasjonar der pasienten ikkje meistrar oppgåvene sjølv. Målet er å bidra til at kvar einskild kan bu heime så lenge som mogleg og vere mest mogleg sjølvhjelpen i kvardagen.
Heimesjukepleia tilbyr mellom anna hjelp til dagleg stell og personleg hygiene, dusj, legemiddelhandtering, oppfølging av ernæring og tilrettelegging av enkle måltid.
Tilsette i heimesjukepleien nyttar kommunale bilar når dei reiser til og frå pasientane som del av det daglege arbeidet.

EIDET OMSORGSSENTER AVDELING 1 - LANGTID OG KORTTID

Langtidsavdelinga er eit bu- og behandlingstilbod for personar som ikkje lenger kan bu i eigen heim. Avdelinga har 11 bebuarar.

Korttidssavdelinga gir eit tidsavgrensa tilbod til pasientar som treng tett oppfølging etter utskriving frå sjukehus, eller som av andre årsaker har behov for ei  overgangsordning. Målet er å sikre ein trygg og fagleg forsvarleg overgang frå spesialisthelsetenesta til heimen, eller vidare tilpassa omsorgstilbod.
Avdelinga legg til rette for kartlegging av pasienten sitt vidare hjelpebehov, og tilbyr målretta og tverrfagleg rehabilitering for å styrke funksjonsevne, meistring og sjølvstende i kvardagen. Her får pasientane oppfølging innan blant anna, daglege gjeremål, legemiddelhandtering, ernæring og medisinsk observasjon.
Avdelinga arbeider aktivt for å fremje mestring hos pasientane og sikre at dei får ei best mogleg tilpassa oppfølging når dei skal vidare i behandlingsforløpet.

EIDET OMSORGSSENTER AVDELING 2 - LANGTID

Langtidsavdelinga er eit bu- og behandlingstilbod for personar som ikkje lenger kan bu i eigen heim.
Avdelinga har 22 bebuarar, hovudsakleg eldre, som får oppfølging og omsorg basert på individuelle behov og vurderingar.
Personalet legg stor vekt på å skape trygge og stabile rammer gjennom heile døgnet, og å bidra til god livskvalitet, tryggleik og verdig omsorg for kvar einskild bebuar.

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar, helsefagarbeidar eller pleieassistent vil du bidra til å sikre pasientane god omsorg, tryggleik og fagleg forsvarleg helsehjelp. Arbeidsoppgåvene vil variere noko etter kompetansenivå, men kan omfatte:

  • Grunnleggjande pleie og omsorg, som personleg hygiene, påkledning, mobilisering og måltidsstøtte.
  • Observasjon av pasientar, inkludert vurdering av allmenntilstand, endringar i helse og behov for vidare tiltak.
  • Dokumentasjon i elektronisk journalsystem (Helseplattformen) i tråd med gjeldande retningslinjer.
  • Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper for å sikre heilskapleg pasientoppfølging.
  • Legemiddelhandtering, etter kompetanse og fullmakter.
  • Praktiske oppgåver knytt til miljø, trivsel og dagleg drift av avdelinga.
  • Tett kommunikasjon med pasientar og pårørande for å skape tryggleik og gi god informasjon.
  • Deltaking i faglege møte og rapportar ved vaktstart eller vaktavslutning.
  • Bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø gjennom samarbeid, deling av kunnskap og støtte til kollegaer.

Alle tilsette må kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar i situasjonar som oppstår, og samtidig bidra aktivt i teamet for å sikre trygg og kvalitativ helsehjelp.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer i hovudsak kandidatar med fagutdanning innan helse- og sosialfag, samt studentar, elevar eller deg som har relevant erfaring og interesse for slikt arbeid.
  • Attestar og vitnemål skal leverast etter nærare avtale.
  • Det er krav om gyldig politiattest for tilsetting i alle avdelingane.
  • I søknaden ber vi om at du oppgir kva avdeling du ønskjer å arbeide i, samt om du har førarkort.
  • For stilling i Heimetenestene er førarkort ein føresetnad.

Personlege eigenskapar

  • Du er påliteleg, positiv og har gode haldningar i samhandling med andre.
  • Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i tett samarbeid med kollegaer, samt vise fleksibilitet i ein variert arbeidskvardag.
  • Du har eit sterkt ønskje om å gi pasientane våre eit godt og fagleg trygt tilbod, og du bidreg aktivt til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Gode datakunnskapar og solid norskkompetanse, både skriftleg og munnleg, er ein føresetnad for stillinga.
  • Hugs å oppgi referanse.

Vi tilbyr

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling, inkludert solid opplæring.
  • Eit fagmiljø med kompetente, engasjerte og støttande kollegaer – og ein jobb som opplevast som meiningsfull.
  • Tilpassa turnus/turnusordning.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale.
  • Gratis parkering.

Spesifiser i søknaden kva avdeling søknaden gjeld. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål. 

Kontaktinformasjon

Tone Elise Austnes, Avdelingsleiar HT, 475 16 769, tone.elise.austnes@haram.kommune.no
Reid Andulfstad-Aarskog, Avdelingsleiar Avd. 2, 909 59 269, reid.andulfstad-aarskog@haram.kommune.no
Maria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar Avd. 1, 993 20 969, maria.nordo.solevåg@haram.kommune.no
Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 940 51 001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Trolldalssletta 12
6264 Tennfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5047939008
Søknadsfrist: 31.12.2028

Om arbeidsgiveren:

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Lounaskokki Seinäjoelle
SOL Henkilöstöpalvelut Oy
Finland
Haemme asiakkaallemme Seinäjoelle LOUNASKOKKIA (elosyyskuulle) Etsimme asiakkaallemme lämminhenkiseen ja kodikkaaseen hotellin ravintolaan lounaskokkia loppukesän ajaksi. Työtehtäviin kuuluu päivittäisten lounaiden valmistus noin 100150 asiakkaalle, sekä keittiön muut avustavat tehtävät, kuten astiahuolto, ylläpitosiivous ja kuormien purku. Tehtävä edellyttää, että pystyt työskentelemään itsenäisesti ja hallitset lounasruoan valmistuksen perusprosessit. Saat tehtävään hyvän perehdytyksen, ja palkka määräytyy MaRa:n työehtosopimuksen mukaan. Työtehtävät - lounaiden valmistus n. 100150 hengelle - keittiön päivittäiset valmistelutehtävät - astiahuolto - kuormien purku ja tavaran vastaanotto - ylläpitosiivous keittiössä - yhteistyö muun henkilökunnan kanssa Työajat - työ sijoittuu masu välille - työvuorot alkavat klo 08.0008.30, kestoltaan 68 h/päivä - työmäärä noin 3040 tuntia viikossa - määräaikainen kesäkauden keikkatyö Edellytämme sinulta - sujuvaa suomen kielen taitoa - hygieniapassia - alan koulutusta tai kokemusta keittiötyöstä - erityisruokavalioiden perustuntemusta - kykyä työskennellä itsenäisesti - hyvää paineensietokykyä ja yhteistyötaitoja - reipasta ja omaaloitteista työotetta - joustavuutta työskennellä kaikkina viikonpäivinä Tarjoamme sinulle vakaan ja varman palkanmaksun joustavan työnantajan hyvän perehdytyksen rauhallisen ja kodikkaan työympäristön mahdollisuuden kartuttaa kokemusta majoitus- ja ravintola-alalta Työ alkaa Elosyyskuussa (sopimuksen mukaan). Hakuohje Aloitamme haastattelut jo hakuaikana, joten lähetä hakemuksesi mahdollisimman pian. Kerro lyhyesti itsestäsi ja liitä mukaan ansioluettelosi. Lisätietoja tehtävästä antaa: Heidi Koskimäki, SOL Henkilöstöpalvelut +358 50 465 4162 heidi.koskimaki@sol.fi (arkisin klo 816) Huomioithan, että tietoturvasyistä emme käsittele sähköpostilla toimitettuja hakemuksia. Käsittelemme vain rekrytointijärjestelmän kautta jätetyt hakemukset. SOL Henkilöstöpalvelut Oy SOL Henkilöstöpalvelut Oy auttaa kumppanina asiakkaitaan saavuttamaan omat liiketoiminnan tavoitteet vastuullisesti. Tarjoamme henkilöstövuokraus-, rekrytointi- ja KV-rekrytointipalveluita sekä muita räätälöityjä henkilöstötoimialan palveluja ympäri Suomen. Valttejamme ovat vahva toimialaosaaminen, asiakkaan tarpeet huomioiva palvelu, aktiivinen asiakastyytyväisyyden seuranta, kehitysorientoitunut asiakkuudenhoito-malli sekä omasta henkilöstöstämme huolehtiminen. Me SOL Henkilöstöpalveluilla rekrytoimme monille eri aloille, joista suurimmat ovat rakennus-, teollisuus- ja logistiikka-alat. Haetpa sitten vakituista työpaikkaa, kesätöitä tai työtä opintojen ohelle ammattitaitoiset rekrytoijamme ovat täällä juuri sinua varten! Kiinnitämme huomiota yhdenvertaiseen ja tasa-arvoiseen rekrytointiin. Työllistyessäsi perehdytämme sinut kunnolla SOLin tapaan toimia sekä tuemme sinua koko työsuhteesi elinkaaren ajan. Meille sinun työturvallisuutesi ja -hyvinvointisi on ykkösjuttu! Liikevaihtomme oli noin 61 miljoonaa euroa vuonna 2024. Olemme osa SOLia, joka on suomalainen perheomisteinen palvelukonserni työllistäen noin 13 000 aurinkoista SOLilaista kuudessa eri maassa. SOL KONSERNI Meille on tärkeää työssä viihtyminen ja kannustava ilmapiiri toimintaamme ohjaavat SOL arvot: aurinkoisen tyytyväinen asiakas, arkiluovuus, yrittäjyys, luotettavuus ja iloinen työn tekeminen. Jos nämä arvot resonoivat kanssasi, saatat olla etsimämme henkilö! Arvostamiamme ominaisuuksia ovat myös oma-aloitteisuus, vastuullisuus ja täsmällisyys. Iloisiin SOLilaisiin kuuluu [turvallisuusalan, kiinteistönhuollon, talotekniikan, puhtaanapidon ja tekstiilihuollon ammattilaisia](https://www.sol.fi/). Lisäksi tarjoamme [henkilöstövuokrauspalveluja sekä logistiikan ulkoistuspalveluja ](https://www.sol.fi/palvelut/henkilostopalvelut/)joustavasti eri toimialoille. Arvostamme osaamista ja ammattitaitoa. Vahva osaaminen taataan räätälöidyillä perehdytyksillä, sisäisillä koulutuksilla sekä oppilaitosyhteistyöllä. Myös eteneminen on mahdollista erilaisten urapolkujen avulla. Työssäsi sinua kannustaa ja tukee oma esihenkilösi sekä koko tiimi. SOL Life-ohjelman avulla kehitämme työhyvinvointia sekä panostamme työntekijöidemme työturvallisuuteen. Arvostamme monimuotoisuutta työyhteisössä. Toivomme hakijoiksi eri ikäisiä ja eri sukupuolia olevia henkilöitä sekä kieli-, kulttuuri- tai muihin vähemmistöihin kuuluvia henkilöitä. [Lue lisää toimintamme vastuullisuudesta ja tarinastamme.](https://www.sol.fi/vastuullisuus/) [Ohjeet turvalliseen työhön](https://www.esitteemme.fi/SOL/MailView/) [Guidelines for safe work](https://www.esitteemme.fi/SOL_Kiinteistopalvelut_Oy_ENG/MailView/) Puhelin: 020 570 0200 Sähköposti: heidi.koskimaki@sol.fi Sijainti: Seinäjoki
Kerroshoitaja kesätyö Seinäjoella
SOL Henkilöstöpalvelut Oy
Finland
Haemme asiakkaallemme Seinäjoelle KERROSHOITAJAA (kesän ajaksi) Etsimme asiakkaallemme lämminhenkiseen ja kodikkaaseen hotelliin kerroshoitajaa kesän ajalle. Työ on keikkaluonteista ja sijoittuu arviolta kesäkuun alusta elokuun loppuun. Kerroshoitajan työ on pääasiassa aamuvuoroissa, ja töitä on noin 2030 h/viikko. Kerroshoitajana sinulla on tärkeä rooli hotellin vieraiden viihtyvyydessä huolehdit hotellihuoneiden, yleisten tilojen ja ravintolan siisteydestä. Tarvittaessa autat myös ravintolan puolella pienissä keittiön ja salin avustavissa tehtävissä, joten joustavuus ja monipuolinen asenne ovat tehtävässä eduksi. Työhön saat hyvän perehdytyksen, ja palkanmaksu hoituu vakaasti ja varmasti. Palkkaus määräytyy MaRa:n työehtosopimuksen mukaan. Työtehtävät - hotellihuoneiden siivous - yleisten tilojen ja ravintolan siisteydestä huolehtiminen - liinavaatehuolto - keittiön ja salin avustavat tehtävät tarpeen mukaan - asiakkaiden viihtyvyyden varmistaminen omalla työpanoksellasi Työajat - työ sijoittuu mala välille - vuorot alkavat klo 08.00, kesto noin 67 h/päivä - työmäärä noin 2030 tuntia viikossa - kesäkauden keikkatyö Edellytämme sinulta - täysiikäisyyttä - hyvää suomen kielen taitoa - ripeää ja itsenäistä työotetta - sopeutuvaisuutta ja yhteistyökykyä - huolellisuutta ja vastuullisuutta - halua oppia uutta - valmiutta auttaa tarvittaessa ravintolan puolella Kokemus kerroshoidosta tai ravintola-alalta katsotaan eduksi, mutta asenne ja oppimishalu ratkaisevat. Tarjoamme sinulle vakaan ja varman palkanmaksun joustavan työnantajan hyvän perehdytyksen mukavan ja kodikkaan työympäristön mahdollisuuden kartuttaa kokemusta majoitus- ja ravintola-alalta Työ alkaa Kesäkuun alussa (sopimuksen mukaan). Hakuohje Aloitamme haastattelut jo hakuaikana, joten lähetä hakemuksesi mahdollisimman pian. Kerro lyhyesti itsestäsi ja liitä mukaan ansioluettelosi. Lisätietoja tehtävästä antaa: Heidi Koskimäki, SOL Henkilöstöpalvelut +358 50 465 4162 heidi.koskimaki@sol.fi (arkisin klo 816) Huomioithan, että tietoturvasyistä emme käsittele sähköpostilla toimitettuja hakemuksia. Käsittelemme vain rekrytointijärjestelmän kautta jätetyt hakemukset. SOL Henkilöstöpalvelut Oy SOL Henkilöstöpalvelut Oy auttaa kumppanina asiakkaitaan saavuttamaan omat liiketoiminnan tavoitteet vastuullisesti. Tarjoamme henkilöstövuokraus-, rekrytointi- ja KV-rekrytointipalveluita sekä muita räätälöityjä henkilöstötoimialan palveluja ympäri Suomen. Valttejamme ovat vahva toimialaosaaminen, asiakkaan tarpeet huomioiva palvelu, aktiivinen asiakastyytyväisyyden seuranta, kehitysorientoitunut asiakkuudenhoito-malli sekä omasta henkilöstöstämme huolehtiminen. Me SOL Henkilöstöpalveluilla rekrytoimme monille eri aloille, joista suurimmat ovat rakennus-, teollisuus- ja logistiikka-alat. Haetpa sitten vakituista työpaikkaa, kesätöitä tai työtä opintojen ohelle ammattitaitoiset rekrytoijamme ovat täällä juuri sinua varten! Kiinnitämme huomiota yhdenvertaiseen ja tasa-arvoiseen rekrytointiin. Työllistyessäsi perehdytämme sinut kunnolla SOLin tapaan toimia sekä tuemme sinua koko työsuhteesi elinkaaren ajan. Meille sinun työturvallisuutesi ja -hyvinvointisi on ykkösjuttu! Liikevaihtomme oli noin 61 miljoonaa euroa vuonna 2024. Olemme osa SOLia, joka on suomalainen perheomisteinen palvelukonserni työllistäen noin 13 000 aurinkoista SOLilaista kuudessa eri maassa. SOL KONSERNI Meille on tärkeää työssä viihtyminen ja kannustava ilmapiiri toimintaamme ohjaavat SOL arvot: aurinkoisen tyytyväinen asiakas, arkiluovuus, yrittäjyys, luotettavuus ja iloinen työn tekeminen. Jos nämä arvot resonoivat kanssasi, saatat olla etsimämme henkilö! Arvostamiamme ominaisuuksia ovat myös oma-aloitteisuus, vastuullisuus ja täsmällisyys. Iloisiin SOLilaisiin kuuluu [turvallisuusalan, kiinteistönhuollon, talotekniikan, puhtaanapidon ja tekstiilihuollon ammattilaisia](https://www.sol.fi/). Lisäksi tarjoamme [henkilöstövuokrauspalveluja sekä logistiikan ulkoistuspalveluja ](https://www.sol.fi/palvelut/henkilostopalvelut/)joustavasti eri toimialoille. Arvostamme osaamista ja ammattitaitoa. Vahva osaaminen taataan räätälöidyillä perehdytyksillä, sisäisillä koulutuksilla sekä oppilaitosyhteistyöllä. Myös eteneminen on mahdollista erilaisten urapolkujen avulla. Työssäsi sinua kannustaa ja tukee oma esihenkilösi sekä koko tiimi. SOL Life-ohjelman avulla kehitämme työhyvinvointia sekä panostamme työntekijöidemme työturvallisuuteen. Arvostamme monimuotoisuutta työyhteisössä. Toivomme hakijoiksi eri ikäisiä ja eri sukupuolia olevia henkilöitä sekä kieli-, kulttuuri- tai muihin vähemmistöihin kuuluvia henkilöitä. [Lue lisää toimintamme vastuullisuudesta ja tarinastamme.](https://www.sol.fi/vastuullisuus/) [Ohjeet turvalliseen työhön](https://www.esitteemme.fi/SOL/MailView/) [Guidelines for safe work](https://www.esitteemme.fi/SOL_Kiinteistopalvelut_Oy_ENG/MailView/) Puhelin: 020 570 0200 Sähköposti: heidi.koskimaki@sol.fi Sijainti: Seinäjoki
Helsefagarbeidar
HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS
Norway, FØRDE

Medisinsk sengepost 2 ved Førde sentralsjukehus har ledig 100% stilling som helsefagarbeidar. Stillinga er samansett slik:

  • 60% fast stilling frå d.d.
  • 40% vikariat frå d.d til 01.06.2028, med moglegheit til forlenging

Det er ønskjeleg at du søkjer på heile stillinga.

Vi ønskjer å kome i kontakt med deg som har fagleg engasjement og som ønskjer å bidra til god kvalitet i tenestene våre.

Medisinsk sengepost 1 og 2 har flytta inn i nytt og moderne sjukehusbygg.
Medisinsk sengepost 2 har spesialisering innan mage/tarm, lunge, lungekreft og utgreiing .
Medisinsk sengepost 1 har nyre, diabetes og endokrinologi, og hjartesjukdommar som spesialiserte fagfelt.
Vi samarbeidar tett på tvers av postane.

Hos oss får du ein kvardag med stor variasjon og eit mangfald av kollegaer som du kan spørje og støtte deg på. Vi tilbyr gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar i eit spanande og lærerikt miljø.


Arbeidsoppgåver

Som helsefagarbeidar vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager. Arbeidet er pasientrelatert med oppfølging av behandling, stell og pleie. Det er 3-delt turnus og ein må kunne jobbe i det.

Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta. I det tverrfaglege arbeidet samarbeider ein til dømes med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og apotekpersonell. Helsefagarbeidar jobbar i team med sjukepleiar.

Dokumentasjon i DIPS og Meona er ein del av det daglege arbeidet.

Kvalifikasjonar

Dokumentert autorisasjon som helsefagarbeidar.

Det vil vere ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid frå tidlegare, men ikkje påkrevd. Du må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Det vert gitt opplæring i sjølve programma vi brukar. Søkjar må mestre godt norsk både skriftleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein engasjert og motivert helsefagarbeidar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.
Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.

Vi tilbyr

Medisinsk sengepost tilbyr god opplæring gjennom faddeordning med trygge rammer. Vi jobbar aktivt med organisasjonsutvikling på våre tenester og ønskjer gode og glade medarbeidarar med oss på laget for å skape eit nytt og betre sjukehus for våre pasientar og tilsette. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt.
Medisinsk sengepost ønskjer å legge til rette for langvakter for dei som ønskjer å ha det. Vi startar med dette i juni på helg. 


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Anne Mari Indrebø, (+47) 578 39 411

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5105612970
Stillingsprosent: 60, 40%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 14.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Lærarar - vikariat
SYKKYLVEN UNGDOMSSKULE
Norway, SYKKYLVEN

Vi har ledig 200% vikariat for lærar for perioden 01.08.2026 - 31.7.2027 Det kan verte ledig stillingar utover dette.

Sykkylven ungdomsskule har dette skuleåret 280 elevar og 40 tilsette. Vi har 12 klasser.

Sykkylven ungdomsskule er ein skule med eit stabilt og godt kvalifisert personale som arbeider saman til beste for elevane si læring og sosiale utvikling. Vi er ein framtidsretta skule som stadig ynskjer å forbetre oss. Vi er med på Matematikksenteret si fleirårige satsing og arbeider i nettverk med andre ungdomsskular i regionen. Vi er med å arrangere Teknologifestivalen i samarbeir med lokalt næringsliv og vidaregåande skule. Elevane er med som både deltakarar og som arrangørar. Vi har fokus på tilpassa opplæring og inkludering.

Vi har eit team med miljøterapeutar og fagarbeidarar, samt to helsesjukepleiarar og fysioterapeut på deltid på skulen. To av miljøterapeutane er LOSar som fylgjer opp elevar med ufrivillig skulefråvær. Ungdomsskulen og vaksenopplæringa er del av same eining, og vi har ein del felles opplegg fagleg og sosialt for personalet.

Har du lyst på ein spennande jobb der du saman med dyktige og fagleg sterke kollegaer får arbeide målretta og variert, og ta del i den viktige og kjekke jobben som samfunns- og relasjonsbyggar i møte med ei flott elevgruppe? Søk då vel!


Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av god og variert undervisning i tett samarbeid med andre
  • Tilrettelegging for enkeltelevar og klassa generelt
  • Vurderings- og rettearbeid
  • Elevoppfølging
  • Arbeide for å skape eit trygt og godt skulemiljø
  • Bidra til godt samarbeid med heimen og andre aktørar i skulen
  • Kontaktlærarfunksjon må påreknast
  • Villig til å ta på seg sensoroppdrag eksternt

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning for grunnskulen med undervisningskompetanse for ungdomstrinnet
  • Fag: Matematikk, naturfag, engelsk, norsk, k&h, spansk og tysk
  • Ein tydeleg og strukturert klasseleiar 
  • God til å tilpasse undervisninga slik at det ordinære inkluderer fleire i klasserommet
  • Gjerne erfaring frå samarbeid med dei ulike aktørane i skulen
  • God IKT kompetanse
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjar må også kunne nytte nynorsk
  • Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9

Personlege eigenskapar

  • Ha eit varmt og positivt menneske- og læringssyn
  • God på relasjonsbygging, trivast saman med ungdom og kunne vere med å bygge laget rundt eleven
  • Glad i å samarbeide, kunne ta initiativ og like å delta i utviklinga av eit godt profesjonsfellesskap
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Kunne bidra positivt i arbeidsmiljøet

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver 
  • Eit utviklingsorientert læringsmiljø
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø 
  • God opplæring og kurs for at du skal kunne oppleve mestring i arbeidet
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Gunstige låne- og forsikringsordningar

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Therese Lefdalsnes Hole, Konstituert rektor, 47670915, therese.lefdalsnes.hole@sykkylven.kommune.no
Randi Løseth Aasen, Einingsleiar, 95184367, randi.loseth@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 2
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5089915325
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 16.04.2026

Om arbeidsgiveren:

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Ønsker du sommarjobb i Odda?
HELSE FONNA HF ODDA SJUKEHUS
Norway, ODDA

Kvifor sommarjobb i Odda?

Odda gir deg den perfekte miksen av vill natur og aktivt sommarliv – jobb, fjord, fjell og treningsøkt etter vakt er berre nokre minutt unna. Du blir ein del av eit internasjonalt miljø der unge vaksne møtast for å lære, jobbe og få sterke opplevingar i Hardanger.

Nokre somrar blir sitjande litt ekstra i kroppen. For Ida som har vore sommarvikar hos oss to år på rad, er det akkurat sånn. Ho seier at ho aldri har lært så mykje på så kort tid, aldri gått så mange skritt på ei vakt – og sjeldan kjent så god meistring på samme tid.

Ho fortel om dagar der alt skjer på ein gong, der ho fekk følgje med, hive seg rundt, spørje og lære – men også om kor trygt det kjennest når kollegaane rundt henne forklarer, viser og dreg henne med i det som skjer. «Du står aldri berre på sidelinja», seier Ida , «du merkar at du trengst».

På sjukehuset vårt treng vi no ferievikarar på kirurgisk og medisinsk post. Her får du vere ein del av kvardagen til pasientar og pårørande, og du jobbar tett saman med sjukepleiarar, legar og helsefagarbeidarar som tek deg inn i gjengen, gir deg trygg opplæring og er lette å spørje – samtidig som dei forventar at du er påskrudd når tempoet går opp.

👉 Søk sommarjobb hos oss – og bli med der det skjer.

Sjekk ut Sommaraktiviteter i Odda.


    Kva går jobben ut på?

    Som sjukepleiar eller helsefagarbeider får du mellom anna:

    • Hjelpe pasientar med stell, måltid og å komme opp av senga.
    • Sørgje for reint sengetøy, orden på pasientromma og fylle på utstyr i hyllene.
    • Vere til stades for pasientane og bidra til at dei føler seg trygge.
    • Observere og rapportere til sjukepleiarar og legar.
    • Følgje pasientar til undersøkingar.

    Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

    • Sjukepleiar, helsefagarbeidar.
    • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. 

    Kva ser vi etter hos deg?

    Vi ser etter deg som:

    • Er glad i mennesker og ønsker å bidra til at pasientane føler seg trygge og godt ivaretatt.
    • Ser når noko må gjerast, då finn du ut av ting – anten på eiga hand eller i samarbeid med kollegaer.
    • Likar å jobbe sjølvstendig, men du er ikkje redd for å be om hjelp av kollegaene dine.
    • Trivst med å jobbe saman i team.

    Kvifor skal du velje oss?

    Hos oss får du:

    • Ein trygg start - Du får opplæringsvakter før du begynner, så du er godt førebudd.
    • Fleksibilitet - Vi finn ei stillingsstørrelse som passar for deg.
    • Gode kollegaer - Vi stiller opp for deg.
    • Variasjon i kvardagen - Du får jobbe med ulike oppgåver, ingen dagar er like.
    • God stemning på jobb – Vi har eit triveleg arbeidsmiljø.

    Tilreisande tilbys møblerte hyblar og reisekostnadar opptil 6000.-

    Har du spørsmål? Ta kontakt – Sara hjelper deg gjerne med å finne ut om dette er den rette sommarjobben for deg! 😊

    Kontaktinformasjon

    Sara Steine Hessen, Rådgiver, sara.steine.hessen@helse-fonna.no

    Arbeidsstad

    Sjukehusvegen 10
    5750 Odda

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5072807275
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Søknadsfrist: 06.04.2026

    Om arbeidsgiveren:

    Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

    Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

    For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

     

    Bjørnafjorden og Samnanger legevakt har ledige ferievikarstillingar
    BJØRNAFJORDEN KOMMUNE LEGEVAKT
    Norway, OS

    Bjørnafjorden og Samnanger legevakt treng ferievikarar for sommaren 2026. Er du utdanna sjukepleiar og heime med barn, held  på med videreutdanning eller jobber innen andre deler av helsetenesta er dette ein unik mulighet til å jobbe ekstra og til å oppretthalda fagkompetanse. Som nyutdanna sjukepleiar er du og velkommen som søkjar. Du vil få god opplæring i et  godt arbeidsmiljømiljø med høg fagleg kompetanse.

    Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsette skal ha ferie i perioden 15.06.26-16.08.26 (veke 25 - 33). Vikarar som kan jobbe samanhengande i perioden vil bli prioritert. Det kan og vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette.

    Arbeidsstad
    Vi held til i beredskapsbygget på Moberg, i same bygg som Ambulansetenesta og Brann og redning. 
    Legevakt for kommunane Bjørnafjorden, Samnanger og Austevoll.

    Arbeidsoppgåver
    Legevakta er ei akutt-teneste på dagtid og utanfor legekontora si arbeidstid. Med akutt hjelp meinast: "den helsehjelp som helsetenesta eller ein helsearbeidar er pliktig til å yte utan opphald eller snarast når hjelpa er påtrengande nødvendig for å avverge fare for akutt dødsfall, akutt betydeleg helsetap eller avhjelpe alvorlege smertetilstander».

    Oppgåvene på legevakta er å svara på henvendelsar til legevakta. Jobbe i team med lege- og ambulansepersonell og handtera pasientar både på legevakta og ute i kommunane. Vaktene er organisert i 3-delt turnus.

    Kvalifikasjonar

    • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar/eller har bachelor i paramedic, om du er medisinerstudent m/lisens kan du og verta vurdert
    • Du har gjerne relevant arbeidserfaring
    • Du må ha sertifikat klasse B
    • Du må kunne jobba sjølvstendig
    • Du må ha generelle datakunnskapar
    • Du må kunne beherska munnleg og skriftleg engelsk

    Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

    Personlige egenskaper

    • Du har evne til å holde roen og ta raske beslutninger i akutte situasjoner.
    • Du har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner – både ansikt til ansikt og over telefon.
    • Du er sjølvstendig, strukturert og løsningsorientert.
    • Du har høg grad av fleksibilitet og omstillingsevne.
    • Du er empatisk og serviceinnstilt med fokus på pasientsikkerhet.

    Det vert lagt særleg vekt på dine personlege eigenskapar

    Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

    Tilsetjing vil verta gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å sende inn søknaden din snarast.

    Vi tilbyr

    • Lønn etter gjeldende avtaler
    • For arbeid på natt i tillegg kr 40.000 på årslønn
    • God opplæring i et trygt miljø
    • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
    • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
    • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

    Etter utløp søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

    Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

    Link til søknadsskjema: Søk her

    Om arbeidsgiveren:

    Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
    Klar for ein sommar med 10 000 skritt på klokka - og litt til?
    HELSE FONNA HF STORD SJUKEHUS
    Norway, STORD

    Nokre somrar blir sitjande litt ekstra i kroppen. For Sølvi som har vore sommarvikar hos oss to år på rad, er det akkurat sånn. Ho seier at ho aldri har lært så mykje på så kort tid, aldri gått så mange skritt på ei vakt – og sjeldan kjend så god meistring på samme tid.

    Ho fortel om dagar der alt skjer på ein gong, der ho fekk følgje med, hive seg rundt, spørje og lære – men også om kor trygt det kjennest når kollegaane rundt henne forklarer, viser og dreg henne med i det som skjer. «Du står aldri berre på sidelinja», seier Sølvi , «du merkar at du trengst».

    På sjukehuset vårt treng vi no ferievikarar. Her får du vere ein del av kvardagen til pasientar og pårørande, og du jobbar tett saman med sjukepleiarar, legar og helsefagarbeidarar som tek deg inn i gjengen, gir deg trygg opplæring og er lette å spørje – samtidig som dei forventar at du er påskrudd når tempoet går opp.

    👉 Søk sommarjobb hos oss – og bli med der det skjer.

    Her kan du jobbe ved døgnpost DPS, akuttmottak og observasjonspost, rehabiliteringspost, kirurgisk poliklinikk og sårpoliklinikk, kirurgisk post, medisinsk poliklinikk, dagbehandling og dialyse.

    Har du eit spesielt ønskje om avdeling, skriv det gjerne i søknaden – så prøver vi å ta omsyn til det. 


      Kva går jobben ut på?

      Du får mellom anna:

      • Hjelpe pasientar med stell, måltid og å komme opp av senga.
      • Sørgje for reint sengetøy, orden på pasientromma og fylle på utstyr i hyllene.
      • Vere til stades for pasientane og bidra til at dei føler seg trygge.
      • Observere og rapportere til sjukepleiarar og legar.
      • Følgje pasientar til undersøkingar.

      Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

      • Autorisert helsefagarbeider, sjukepleiar eller student (innan helse, sjukepleie eller medisin).
      • Det er ønskeleg at du har erfaring frå pleie.
      • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. 

      Kva ser vi etter hos deg?

      Vi ser etter deg som:

      • Er glad i mennesker og ønsker å bidra til at pasientane føler seg trygge og godt ivaretatt.
      • Ser når noko må gjerast, då så finn du ut av ting – anten på eiga hand eller i samarbeid med kollegaer.
      • Likar å jobbe sjølvstendig, men du er ikkje redd for å be om hjelp av kollegaene dine.
      • Trivst med å jobbe saman i team.

      Kvifor skal du velje oss?

      Hos oss får du:

      • Ein trygg start - Du får opplæringsvakter før du begynner, så du er godt førebudd.
      • Fleksibilitet - Vi finn ei stillingsstørrelse som passar for deg.
      • Gode kollega - Vi stiller opp for deg.
      • Variasjon i kvardagen - Du får jobbe med ulike oppgåver, ingen dagar er like.
      • God stemning på jobb – Vi har eit triveleg arbeidsmiljø.

      Har du spørsmål? Ta kontakt – Sara hjelper deg gjerne med å finne ut om dette er den rette sommarjobben for deg! 

      Kontaktinformasjon

      Sara Steine Hessen, Rådgiver, sara.steine.hessen@helse-fonna.no

      Arbeidsstad

      Tysevegen 64
      5416 Stord

      Nøkkelinformasjon:

      Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

      Referansenr.: 5083288524
      Stillingsprosent: 100%
      Vikariat
      Søknadsfrist: 06.04.2026

      Om arbeidsgiveren:

      Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

      Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

      For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

       

      Go to top