europass

Einen Job finden

Finde deinen Traumjob unter Tausenden Jobangeboten in ganz Europa! Die Suchergebnisse werden von EURES – dem europäischen Portal für berufliche Mobilität – bereitgestellt. 

Suchergebnisse
Zeige 44533 Ergebnisse

Sort by
Helsefagarbeidar 100% fast stilling
Norway, LANGEVÅG

Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og fagleg dyktig!


Ved Bukollektiva, Sloghaugvegen 28, har vi ledig 80% fast stilling som helsefagarbeidar. Arbeid i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Om ønskeleg kan stillinga aukast til 100% då med 20% flytvakt i turnus. 

Er du ein helsefagarbeidar som ønskjer å arbeide kunnskapsbasert, systematisk og personsentrert innan eldreomsorg? Hos oss får du høve til å bruke og vidareutvikle di faglege kompetanse i eit miljø med høg kvalitet og faglege ambisjonar.

Hos oss står mennesket i sentrum. Vi arbeider aktivt med å skape trygge, gode og meiningsfulle dager for våre bebuarar med utgangspunkt i den enkelte sine behov, ressursar og livshistorie.

Sloghaugvegen 28 er bukollektiv med heildøgns omsorg for eldre med samansatt sjukdomsbilete. Avdelinga er adskilt med 2 etasjer, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt. Avdelinga og eininga har godt omdømme.

Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Søknadsfrist 31.mai 2026, oppstart 10.august-26 eller anna dato etter avtale. 


Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og gjennomføre systematisk pleie og miljøterapeutiske tiltak   
  • Kartleggje funksjonsnivå, åtferd og behov ved bruk av faglege verktøy   
  • Bidra til struktur, forutsigbarheit og tryggleik for bebuarane 
  • Delta i faglege drøftingar, refleksjon og kontinuerleg kvalitetsforbetring   
  • Dokumentere i tråd med lovverk, faglege standardar og interne rutinar   
  • Samarbeide tett med sjukepleiarar, vernepleiarar og anna fagpersonell 
  • Praktisk hjelp    
  • Primærpleie    
  • Medisinhandtering    
  • Nært samarbeid med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar   
  • Vidareutdanning og/eller erfaring med eldreomsorg kan vere ein fordel   
  • Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad   
  • Gode ferdigheiter i observasjon, vurdering og dokumentasjon  
  • Gode datakunnskaper   
  • Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesser for eldreomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar.

Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.  

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Inkludering i eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer   
  • God opplæring og nærleiing   
  • Mentor-ordning ved oppstart 
  • Fokus på eldreomsorg og fagleg utvikling   
  • Tilbod om deltaking i refleksjonsgrupper   
  • Varierte arbeidsoppgåver   
  • Gratis parkering 
  • Tillegg for relevant vidareutdanning 
  •  I tillegg til tariffløn har kommuna generelle tillegg på kr 4000,-  som kompensasjon for å arbeide på helg og 20-års ans.stige.

 

Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår

Kontaktinformasjon

Anitra Kringstad, Avdleingsleiar Sloghaugvegen 28 og Seniorsenteret, 90761914, anitra.kringstad@sula.kommune.no
Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar, 91596764, Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Sloghaugvegen 28
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5129471190
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 31.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Her bur i hovudsak eldre som ikkje lenger klarer seg i eigen bustad eller i omsorgsbustad. Avdelinga har 16 bebuarar, med rom fordelt på to etasjer. Målet vårt er å gi bebuarane eit individuelt tilbod ved å nytte eigne ressursar for å meistre kvardagen. Turnus er to-delt med arbeid kvar 3. helg.

Instagram

Facebook
Lærar ved Nordfjordeid skule
NORDFJORDEID SKULE
Norway, NORDFJORDEID

Nordfjordeid skule har ledig 100 % vikariat som lærar i perioden 01.08.2026 - 31.07.2027. 

Nordfjordeid skule ligg i sentrum av Nordfjordeid. Skulen er ein barneskule med 284 elevar på 1.-7. trinn. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman for å finne gode løysingar. 

Meir informasjon om Nordfjordeid skule finn du på nettstaden www.stad.kommune.no


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning
  • Leie læringsarbeidet ved å legge til rette for praktiske og varierte læringsaktivitetar i klasser og grupper
  • Arbeide systematisk og målretta med grunnleggande ferdigheiter i alle fag
  • Bidra i skulen sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
  • Delta og bidra i samarbeid med kollegaer
  • Tett samarbeid med føresette og interne og eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Godkjent grunnskulelærarutdanning 1–7
  • Søkjarar med grunnskulelærarutdanning 5–10 eller faglærarutdanning kan også verte vurderte dersom dei har relevant undervisningskompetanse
  • Vi søkjer særleg kompetanse innan basisfag, kroppsøving, kunst og handverk, musikk og spesial- og sosialpedagogikk.
  • Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har god relasjonskompetanse
  • Du kan leie klasser og grupper på ein god og inkluderande måte
  • Du har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysingsorientert
  • Du har gode samarbeidsevner og vilje til å arbeide i team
  • Du arbeider sjølvstendig og systematisk
  • Du har god vurderingsevne og god rolleforståing
  • Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Du er utviklingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har gode kunnskapar innan IKT

Vi tilbyr

  • Ein spennande, variert og meiningsfull arbeidskvardag 
  • Godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir undervisningsrelevant referanse av ny dato.

Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leverast før start i stillinga

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

For meir informasjon om stillinga kan du ta direkte kontakt med assisterande rektor, Kenneth Vedvik tlf. 971 60 369.

Kontaktinformasjon

Kenneth Vedvik, Assisterande rektor, 971 60 369, kenneth.vedvik@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Skulevegen 33
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5128077087
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Rådgiver offentlige anskaffelser
AGDER FYLKESKOMMUNE FYLKESADMINISTRASJONEN ARENDAL
Norway, ARENDAL

Som rådgiver i seksjon for anskaffelser bidrar du til profesjonelle, effektive og framtidsrettede anskaffelser i Agder fylkeskommune. Du jobber tett med og på tvers av fagmiljøer i hele organisasjonen og har ansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av egne konkurranser og kontrakter. I denne rollen får du reell påvirkning på hvordan vi jobber med anskaffelser, kontraktsoppfølging, systembruk og videre faglig utvikling. Vi er i ferd med å ta i bruk nytt konkurransegjennomførings- og kontraktsadministrasjonsverktøy, og du blir en bidragsyter i innføring og videreutvikling, sammen med resten av seksjonen. Arbeidet er i økende grad datadrevet. Du vil bruke KI, Excel (inkludert pivot) og Power BI til analyser, rapportering og beslutningsstøtte.

Hos oss blir du del av et kompetent fagmiljø med høye ambisjoner for kvalitet, bærekraft og kontinuerlig forbedring. Seksjon for anskaffelser består for tiden av fem medarbeidere inkludert leder, og vi jobber i et arbeidsmiljø preget av tillit, samarbeid og mestringsorientert ledelse.


Arbeidsoppgaver

  • Lede, planlegge og gjennomføre anskaffelsesprosesser, samt gi råd og veiledning til fagmiljøer.
  • Sikre at anskaffelsesprosessen gjennomføres i tråd med gjeldende regelverket for offentlige anskaffelser.
  • Kontraktsinngåelse og innkjøpsfaglig oppfølging av kontrakter i avtaleperioden.​​
  • Bidra til å realisere vår anskaffelsesstrategi og styrke næringslivet i Agder gjennom offentlige anskaffelser.
  • Rådgivning og bistand til øvrige avdelinger i Agder fylkeskommune innen anskaffelser.
  • Oppfølging og analyse av innkjøpsmønster, forbruk og kost–nytte‑vurderinger, samt andre relevante analyser.

Kvalifikasjoner

Nødvendige kvalifikasjoner

  • Relevant høyere utdanning på masternivå, for eksempel innen jus eller økonomi. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for deler av utdanningskravet.
  • Meget god skriftlig og muntlig fremstillingsevne på norsk.
  • God digital kompetanse og interesse for hvordan teknologi kan brukes til å forbedre arbeidsprosesser.
  • Interesse for kontinuerlig forbedring og innovasjon. 

Ønskede kvalifikasjoner

  • Erfaring med offentlige anskaffelser. 
  • Erfaring med å initiere og å gjennomføre prosesser og/eller prosjekter.
  • Spesialisering eller sertifisering innen offentlig anskaffelser. 

Personlige egenskaper

For å trives og lykkes i rollen tror vi at du....

  • jobber selvstendig og tar ansvar for egne prosesser fra start til slutt.
  • er initiativrik og samarbeider godt med andre
  • deler kunnskap og bidrar aktivt til faglig utvikling.
  • er analytisk og nysgjerrig
  • motiveres av forbedring, kvalitet og faglig utvikling.

Vi tilbyr

  • Reelt handlingsrom og påvirkning i en helhetlig anskaffelsesrolle
  • Et av de største og mest kompetente anskaffelsesmiljøer i Agder
  • Et fagmiljø hvor faglige vurderinger og initiativ verdsettes
  • Mulighet til å jobbe datadrevet og bidra til videreutvikling av systemer og arbeidsprosesser
  • En fleksibel arbeidshverdag og trygghet i en solid offentlig organisasjon
  • Gode pensjonsordninger og et allsidig velferdstilbud. For mer informasjon se: www.agderfk.no/jobb 

Kontaktinformasjon

Olav Myklebust, Seksjonsleder, +47 900 50 779

Arbeidssted

Ragnvald Blakstads vei 1
4838 Arendal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Agder fylkeskommune

Referansenr.: 5115097356
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.06.2026

Om arbeidsgiveren:

I Agder fylkeskommune er vi over 3 000 ansatte som arbeider med videregående opplæring, høyere yrkesfaglig utdanning, tannhelse, samferdsel, fylkesveger, kollektivtransport, kultur og en rekke andre fagfelt. Sammen skal vi utvikle Agder til en miljømessig, sosialt og økonomisk bærekraftig region i 2030. Les mer om oss her

Alle som søker stillingen må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Webcruiter.

Offentlig søkerliste utarbeides etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønsker å reservere deg fra oppføring på offentlig søkerliste må dette begrunnes. Du vil bli varslet om reservasjon ikke tas til følge.

Vi er sertifisert i Likestilt arbeidsliv. Det betyr at vi jobber systematisk for likestilling, mangfold og inkluderende arbeidsmiljø. Hos oss er det kompetanse og engasjement som teller - uavhengig av bakgrunn. Les mer her: Likestilt arbeidsliv - Agder fylkeskommune

Messinglærar, Fjord kulturskule
FJORD KULTURSKULE
Norway, STORDAL

Fjord kulturskule er lokalisert på indre sunnmøre, midt i «indrefileten» av det vestnorske fjordlandskapet. Kulturskulen har i dag 8 tilsette og ca. 100 elevplassar. Vi driv desentralisert undervisning på skulane i kommunen. Kulturskule for alle er vår visjon, og vi utviklar kulturskulen for ei brei målgruppe gjennom heile livsløpet. Vår hovudmålgruppe er barn og unge, men vaksne er også velkomne til å søke elevplass i kulturskulen. Fjord kulturskule arbeider tett saman med det frivillige kulturlivet i kommunen.

Fjord kommune byr på svært gode oppvekstvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Kommunen har eit aktivt miljø for blant anna korps, med 3 aktive skulekorps og 2 amatørkorps. I Valldal er det, i tillegg til skulekorpset, eit aktivt og engasjert amatørkorps som jamnleg deltek på konkurransar både lokalt og nasjonalt.

Kulturskulen har onsdag som møtedag (dagtid). Kjerneoppgåve vil vere individuell undervisning av elevar, men andre oppgåver kan også leggast i stillinga. Fjord kulturskule praktiserer 25 minutt vekentleg undervisning for all individuell opplæring i kjerneprogrammet. Det er også stort handlingsrom for å tenke kreativt rundt bruk av undervisningstid i grupper. Målet er at undervisninga alltid skal vere til det beste for eleven og eleven si utvikling.

Fjord kulturskule har følgjande delstilling ledig for fast tilsetting: 

  • Inntil 25% messinglærar. 

Omfang vil bli avklart i løpet av tilsettingsprosessen. 

For kandidatar med tilleggskompetanse som kulturskulen pr. i dag manglar, kan det vere aktuelt med høgare tilsetting enn 25%. Det kan også vere aktuelt å kombinere denne stillinga med andre ledige stillingar i kommunen. 

Aktuelle kandidater vert kalla inn til intervju


Arbeidsoppgåver

  • Vekentleg undervisning av kulturskuleelevar.
  • Samspel, ensembleleiing og utøvande verksemd.
  • Førestillingar/konsertar og arrangement.
  • Delta på personalmøte, foreldrekontakt, rekruttering- og utviklingsarbeid.
  • Tett samarbeid med skulekorpsa i kommunen.

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3 års høgare utdanning innan musikk, med eit av messinginstrumenta som hovudinstrument.
  • Praktisk-pedagogisk utdanning       
  • Erfaring frå undervisning i kulturskulen blir vektlagt
  • Brei og variert kompetanse frå fleire kulturfag kan telle positivt ved tilsetting.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt
  • Undervisninga er desentralisert, og førarkort (klasse B) på bil er difor nødvendig.
  • Det er krav om politiattest ved tilsetting jf. Opplæringslova (§17-11)

Personlege eigenskapar

  • Trivst godt med å undervise barn og unge
  • Er fleksibel og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kan vise til gode modellar, erfaringar og metodar som engasjerer og skapar god progresjon hos elevar.
  • Tar initiativ til prosjekter og aktivitetar for eigne elevar og som engasjerer andre i avdelinga
  • God ambassadør for kulturskulen og kulturskulen sine verdiar

Vi tilbyr

  • Eit utviklande og fagleg sterkt fellesskap i kulturskulekollegiet.
  • Spanande samarbeidsprosjekt med interne og eksterne samarbeidsparter.
  • Gode muligheiter for personleg og fagleg utvikling.
  • Lønn og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket i KS.
  • Særs gode pensjonsordningar og medlemsfordelar gjennom KLP.
  • Gode og attraktive oppvekst- og buforhold. 

Kontaktinformasjon

Thea Marie Ytterdal, Rektor kulturskulen, +47 41576702

Arbeidsstad

Skulebrauta 48
6210 Valldal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune

Referansenr.: 5128741958
Stillingsprosent: 25%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 27.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

Helsefagarbeider/hjelpepleier
TIME KOMMUNE BRYNEHEIMEN
Norway, BRYNE

Me søker etter ein fagleg dyktig og engasjert helsefagarbeider/hjelpepleier til Bryneheimen 1. etg. Stillinga er på 70% med langvaktshelg kvar 4. helg. Me har årsturnus/kalenderplan og det vil være gode moglegheiter for å øke opp stillinga frå neste år. Søkaren må være interessert i demensomsorgen da denne stillinga hovedsakleg vil være plassert på demensfløyen vår. Det er likevel viktig at ein også kan bidra på dei andre fløyene ved behov. 

Bryneheimen har plass til 59 pasientar fordelt på to etasjar som igjen er delt inn i tre fløyar. Alle fløyene er langtid, med eit stort spenn av faglege utfordringar. Det er både somatikk. demens og noko psykiatri.

I første etasje, der altså denne stillinga er, har me også ei demensavdeling. I demensavdelinga er det fokus på miljøterapi og personsentrert pleie. Det er knytt sjukeheimslege i 60 % stilling til institusjonen. Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø, med fokus på nytenking, kvalitet og brukarmedverknad. Institusjon i Time kommune har eigen fagutviklar, som har fokus på kompetanse, pasientsikkerheit og kvalitet.

Bryneheimen ligg i Bryne sentrum med gåavstand frå togstasjonen.


Arbeidsoppgåver

Då stillinga først og fremst er tilknytta demensavdelinga må ein være interessert i å tilegne seg kunnskap om demensomsorga. Det er ein fordel om du kan eller kjenner til relevante metoder og arbeidsverktøy som:

- Miljøterapi og personsentrert omsorg

- VIPS- modellen

- TAM og MAP

- Kapittel 4A

Kvalifikasjonar

  • Godkjenning som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
  • Gode norsk-kunnskapar munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B2)
  • Gjennomgått kurs i medisinhandtering er ein fordel
  • Gode datakunnskapar
  • Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetting

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff/avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
  • Mulighet for videreutdanning eller kurs

 


 

Kontaktinformasjon

Renate Iversen, Avdelingsleiar, +47 95809531

Arbeidsstad

Hognestadvegen 41
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5125764069
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 22.05.2026

Om arbeidsgiveren:

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Spesialpedagog i spesialpedagogisk team - fast stilling
GISKE KOMMUNE PPT
Norway, VALDERØYA

Giske kommune har ledig fast 100 % stilling som spesialpedagog med oppstart etter avtale. Vi søkjer etter engasjert og fagleg sterk kandidat som ønskjer å bidra til eit inkluderande og utviklande læringsmiljø for barn og unge - både med og utan særskilde behov.

Stillinga inneber arbeid som spesialpedagog i barnehagar, både for barn med vedtak og barn utan vedtak. Du vil få ei sentral rolle i å støtte barnehagane i arbeidet med tidleg innsats, tilpassa opplæring og inkluderande praksis. Vi ser etter deg som brenn for å skape eit barnehagetilbod der alle barn får utvikle seg i eit trygt og stimulerande miljø, og som ser verdien av samanhengen mellom allmennpedagogikk og spesialpedagogikk.

I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om gyldig politiattest.

Den som blir tilsett må kunne disponere eigen bil.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Gi spesialpedagogisk hjelp til barn med særskilde behov, samt til barn som treng intensive tiltak utan vedtak.
  • Støtte barnehagane i systemretta arbeid og utvikling av inkluderande praksis
  • Vere medspelar i utarbeiding, gjennomføring og evaluering av individuelle opplæringsplanar (IOP)
  • Bidra til utvikling av gode samspelsprosessar og læringsmiljø i barnehagane og i det spesialpedagogiske teamet 
  • Samarbeide tett med føresette, barnehagepersonale og andre faginstansar i laget rundt barnet for å sikre heilskapleg oppfølging
  • Gi råd og rettleiing til føresette og tilsette i barnehagen.
  • Bidra i organisasjonsutvikling med fokus på førebygging, tidleg innsats og inkluderande pedagogisk praksis
  • Det kan bli endringar i arbeidsoppgåver ut frå behov

Kvalifikasjonar

Må-krav:

  • Barnehagelærar med spesialpedagogisk kompetanse 
  • Erfaring frå arbeid i barnehage
  • Erfaring med rettleiing av tilsette og samarbeidspartnarar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • God digital kompetanse
  • Førarkort klasse B

Ønskjelege tilleggskvalifikasjonar:

  • Erfaring med arbeid med barn innan autismespekteret 
  • Kompetanse i observasjon og kartlegging,
  • Kjennskap til og erfaring med bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein spesialpedagog som:

  • Er tydeleg og trygg i rolla som fagperson
  • Bygg gode og tillitsfulle relasjonar med både barn og vaksne
  • Samarbeider godt og bidreg aktivt i teamarbeid
  • Arbeider sjølvstendig og strukturert
  • Er fleksibel, løysingsorientert og trivst med utfordringar
  • Taklar ein hektisk kvardag med mange samtidige oppgåver
  • Har forståing for at omstilling, endringar og justeringar er ein kontinuerlig prosess i oppvekstsektoren
  • Er ein aktiv bidragsytar i utviklinga av inkluderande praksis, med fokus på førebygging og tidleg innsats
  • Er villig til å påta seg oppgåver som ikkje nødvendigvis er spesifisert i stillingsbeskrivinga, men som er nødvendige for å møte barnehagane sine behov

Vi tilbyr

  • Eit positivt, inkluderande og utviklande fagmiljø
  • Erfarne, engasjerte og støttande kollegaer
  • Tett samarbeid med pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barnehagar og tidvis 1. klasse i skulen
  • Løn og tilsetjing etter gjeldande kommunale vilkår

Kontaktinformasjon

Marie Isaksen, avdelingsleiar PPT, +47 92803764

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5126657580
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.06.2026

Om arbeidsgiveren:

Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

 

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar/assistent
HELSE FØRDE HF LÆRDAL SJUKEHUS
Norway, LÆRDAL

Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og samtidig få stort fagleg utbytte? 

Lærdal sjukehus har ledige stillingar ved medisinsk sengepost for helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, sjukepleiarstudentar eller assistentar:

  • 1 x 70 % fast stilling
  • 1 x 100 % vikariat frå snarast til 01.09.2027

Stillingane er ikkje planlagde delte. 

Medisinsk sengepost har 14 senger inkludert 2 overvakingssenger og driftar for tida 2 interkommunale senger. Om lag 95 % av innleggingane er akutt hjelp, og dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar. 

Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheitar for alle. Plasseringa gjer Lærdal til eit knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset. Meir informasjon om Lærdal kan du lese her.

Ønskjer du meir informasjon om stillingane, kan du ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon. 


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide i 2-delt turnus, og kvar 3.helg
  • Pasientrelatert arbeid
  • Ta del i oppgåver som ligg til avdelinga
  • Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
  • Opplæring og rettleiing av studentar/lærlinger
  • Arbeidsoppgåver delegert frå leiar
  • Pasientdokumentering (Meona og Dips)

Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha godkjent norsk autorisasjon
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg 
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Må kunne nytte dei datasystema som er knytt til rolla, slik at faglege og juridiske krav blir ivaretekne

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv
  • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du ønskjer å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø
  • Du trist i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
  • Du er fagleg engasjert
  • Du arbeiderstrukturert og målretta

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
  • Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
  • Tilgang til personalhytte på Filefjell
  • Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594

Arbeidssted

Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5126630773
Stillingsprosent: 100, 70%
Vikariat, Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du være med å styrke vårt fagmiljø? Vi søker en engasjert controller med driv og utviklingsfokus.
SENTRALADMINISTRASJONEN
Norway, VIKERSUND

Ved økonomiavdelingen er det ledig en 100 prosent fast stilling som controller.

Stillingen er organisert i støtte og utvikling, og du vil jobbe tett sammen med ledere på tvers av etatene. Som controller blir du en viktig fagperson som kobler sammen ressursbruk, kvalitet og aktivitet og bidrar til gode, strategiske valg i organisasjonen. Økonomiavdelingen har syv årsverk innenfor regnskap, budsjett og fakturering. To controllere jobber ut mot etatene. Hos oss møter du et miljø med høy kompetanse, stor faglig bredde og et godt kollegialt fellesskap.

Arbeidsoppgaver
• Videreutvikle digitale systemer innen økonomiområdet.
• Veilede og sikre at ledere behersker digitale verktøy for økonomistyring.
• Ha ansvar for datainnsamling, beregninger, analyser og utvikling av digital styringsinformasjon.
• Utføre løpende analyse av økonomiske trender, identifisere avvik og sikre at nødvendige tiltak blir gjennomført.
• Utrede saker til politisk behandling.
• Bistå i digitaliseringsprosesser, automatiseringsarbeid og prosjektarbeid.

Kvalifikasjoner
Krav om minimum tre års høyere økonomisk utdannelse.

Det er fint om du
• Har erfaring fra økonomistyring i en større virksomhet, og gjerne en offentlig virksomhet.
• Behersker Excel på viderekomment nivå.
• Har kjennskap til Visma Enterprise og Framsikt.
• Har forståelse for kommuneregnskap.
• Har kunnskap om KOSTRA og digitale rapporteringskrav.
• Har kunnskap/interesse om KI og datadrevne arbeidsprosesser, og interesse for hvordan teknologi kan effektivisere økonomifunksjonen.

Annet
Førerkort kl. B.

Personlige egenskaper
• Selvstendig og systematisk med god arbeidskapasitet.
• Analytisk.
• Fremoverlent, fleksibel og løsningsorientert.
• God på samarbeid og bidrar positivt i arbeidsmiljøet.
• God skriftlig og muntlig fremstillingsevne.

Personlig egnethet vektlegges.

Vi tilbyr
• Interessante og varierte arbeidsoppgaver i et tverrfaglig kompetansemiljø.
• Godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
• God pensjonsordning.
• Lønn etter avtale.
• Godtgjøring ved eventuell inngåelse av avtale for bruk av egen bil.

Pensjon i KLP
I denne stillingen vil du få en av Norges sikreste pensjonsordninger, offentlig tjenestepensjon. Der de fleste tjenestepensjoner kun utbetales i 10 år, er offentlig tjenestepensjon en utbetaling som varer fra den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon hvis noe uventet skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelser på en rekke bank, forsikring og spareprodukter. Kort fortalt om offentlig tjenestepensjon kan du lese her. Se mer informasjon om fordelene dine som ansatt i Modum kommune med pensjon i KLP her.

Offentlig søkerliste
Etter søknadsfristen vil det bli utarbeidet en offentlig søkerliste, ref. offentlighetsloven § 25 andre ledd, inneholdende navn, alder, kjønn og bostedskommune. Har du bedt om å bli unntatt offentlighet må dette begrunnes. Modum kommune praktiserer mer-offentlighet, og det skal derfor tungtveiende grunner til at vi kan unnta søkere fra offentlig søkerliste. Hvis begrunnelsen ikke blir tatt til følge, vil søkeren bli varslet om dette. Søkere som ikke oppgir begrunnelse vil bli oppført på offentlig søkerliste.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Vår oppgave er å levere best mulig tjenester til alle våre vel 14.000 flotte innbyggere. Det ønsker vi å gjøre med engasjement, smil og profesjonalitet, og med muligheter for nyskapende og romslig jobbutøvelse. På den måten vil slagordet vårt «Modum – skaper ny energi» smitte til både deg og alle de vi betjener. Hos oss er jobbnærvær en prioritet – vi tilbyr fleksibilitet og tilrettelegging for at du skal kunne gjøre en best mulig jobb. I Modum bor du tett på flott natur, samtidig som du har kort vei til flere byer. Det yrer av fritidstilbud og engasjerte mennesker i kommunen vår. Er du kvalifisert, engasjert og motivert håper vi du søker på stillingen du ønsker deg - uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Velkommen som arbeidssøker! Se vår tilgjengelighetserklæring her: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/b2206030-c4fc-4b1e-bf8c-ac8307ef413d
Fagarbeidar og miljøterapeut
AUSTEVOLL KOMMUNE OPPVEKST, KULTUR OG FRITID
Norway, STOREBØ

Om arbeidsstaden

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 350 elevar og ca. 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.  


Om stillinga

Ledig stilling som fagarbeidar i skule og SFO inntil 100 %.

Ledig stilling som miljøterapeut inntil 100 %

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Fagarbeidar:
Elevassistent i skule og SFO. Arbeid med elevar med særskilde behov i undervisning og friminutt.
Deltaking i, og oppfølging av skulen sine satsingsområde.
Samarbeid med lærar og deltaking i team for assistentar.

Miljøterapeut:
Følge opp enkeltelevar og elevgrupper med fagleg, sosiale og emosjonelle behov.

Delta i arbeid knytt til tilrettelegging og oppfølging av elevar med særskilte behov.

Observere, dokumentere og følge opp tiltak rundt elevar med behov.


Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

Fagarbeidar

Fagbrev barne- og ungdomsarbeidar og/eller relevant helsefagleg/pedagogisk utdanning

Miljøterapeut

Relevant 3-årig høgskuleutdanning

Personlege eigenskapar

  • Du må kunne arbeida sjølvstendig med varierte arbeidsoppgåver
  • Det vert stilt krav til gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Godt humør og løysingsorientert tilnærming til oppgåver vert vektlagt
  • Du må like å vere i fysisk aktivitet ute og inne
  • Erfaring frå arbeid med born som har store og samansette behov
  • Kompetanse og forståing innan målretta miljøarbeid, relasjonsbygging og tilrettelegging vil vere viktig i arbeidet

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.


Om arbeidsgiveren:

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.

Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
 
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.

Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2026, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

Lærar
AUSTEVOLL KOMMUNE OPPVEKST, KULTUR OG FRITID
Norway, STOREBØ

Om arbeidsstaden

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelsa og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Storebø skule skal vere ein god stad å vere og ein god stad å læra. Skulen er ein Trivselsleiarskule kor vi har fokus på aktiv undervisning og uteskule. Skulen er den største barneskulen i Austevoll med rundt 350 elevar og ca. 60 tilsette. Skulen er plassert på Storebø, kommunesenteret i Austevoll kommune. Skulen er rehabilitert med nye klasserom, oppgradert uteområde og læraravdeling.  


Om stillinga

Storebø skule har ledig 3 faste lærarstillingar i 100 % og 2 vikariat inntil 100 %

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Undervisning
  • Kontaktlæraransvar kan vere aktuelt
  • Delta i utviklingsoppgåver som skulen har
  • Arbeide i team med pedagogar, fagarbeidarar og miljøterapeuter
  • Bidra til å skape eit godt skulemiljø

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav

  • Godkjent lærarutdanning for undervisning på 1.-7. trinn
  • Kunnskapar om og evner til god klasseleiing
  • Har du anna relevant bakgrunn blir du også oppfordra til å søke
  • Internasjonale gradar må vere godkjent av NOKUT

Personlege eigenskapar

  • Vere strukturert, sjølvstendig, fleksibel, løysingsorientert og ha evne til å motivere
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, vere inkluderande, ha pedagogisk engasjement og evne til nytenking
  • Vere ein tydeleg og dyktig klasseleiar
  • God IKT- kompetanse
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 32 000 kr pr år.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.


Om arbeidsgiveren:

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.

Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
 
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.

Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2026, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

Go to top