Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Kommunikasjonsrådgjevar:
Ved Michael Sars-senteret er det ledig eit vikariat som kommunikasjonsrådgjevar (50% stilling) med oppstart så snart som mogleg. Varigheit på stillinga er 1 år med moglegheit for forlenging. Du vil få ei sentral rolle i å synleggjere forsking og aktivitet ved senteret, og bidra til god intern og ekstern kommunikasjon.
Om senteret:
Michael Sars-senteret held til på Marineholmen saman med andre forskingsinstitutt ved universitetet. Senteret er organisert som eit uavhengig forskingssenter plassert innanfor fakultetet for naturvitskap og teknologi og er partner med European Molecular Biological Laboratory (EMBL) i Heidelberg, Tyskland - Les meir her.
Arbeidsoppgåver:
- Rådgjeving og operativt kommunikasjonsarbeid knytt til senteret og forskingsprosjekta våre
- Utvikle, skrive, redigere og publisere innhald om forsking og aktivitet ved senteret for eigne og eksterne kanalar
- Planleggje og koordinere kommunikasjon retta mot interne og eksterne målgrupper
- Planleggje og gjennomføre arrangement, som til dømes årleg symposium, i samarbeid med fagmiljøa
- Andre kommunikasjonsfaglege og administrative oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar:
- Mastergrad innan journalistikk, kommunikasjon eller tilsvarande er eit krav. Særleg relevant erfaring kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet
- Erfaring med å utvikle, skrive og tilpasse innhald for ulike målgrupper og format er eit krav
- Erfaring med publisering og oppfølging i digitale kanalar er eit krav
- Gode ferdigheiter i engelsk og norsk, både skriftleg og munnleg, er eit krav
- Ferdigheiter innan foto, video eller enkel grafisk produksjon er ein fordel
Personlege eigenskapar:
- Du har god formidlingsevne
- Du set deg raskt inn i komplekse faglege problemstillingar
- Du arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er fleksibel og trivst med ein variert arbeidskvardag
Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- løn som rådgjevar (kode 1434) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på mellom kr. 642.000 - 720 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Administrasjonssjef Kristina Håvås Hanson, tel: 55 58 36 70, epost: kristina.hanson@uib.no eller Direktør Lionel Christiaen, tel: 55 58 43 62, epost: lionel.christiaen@uib.no .
For HR relaterte spørsmål, kontakt HR rådgjevar Veronica Stålhand, tel: 55 58 43 74, epost: veronica.stalhand@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om arbeidsgiveren:
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Michael Sars-senteret held til på Marineholmen saman med andre forskingsinstitutt ved universitetet. Senteret er organisert som eit uavhengig forskingssenter plassert innanfor fakultetet for naturvitskap og teknologi og er partner med European Molecular Biological Laboratory (EMBL) i Heidelberg, Tyskland – Les meir her.