europass

Buscar trabajo

Encuentra el trabajo adecuado entre las miles de oportunidades existentes en toda Europa. Los resultados de la búsqueda proceden de EURES - Portal Europeo de la Movilidad Profesional. 

Resultados
Mostrando 55389 Resultados

Sort by
Brannkonstabel / røykdykkar
AURLAND KOMMUNE BRANN OG FEIING
Norway, AURLAND

Bur det ein liten brannhelt i deg? - bli brannkonstabel hjå oss 

Då vert du ein del av eit engasjert og samansett lag som står klare når det gjeld som mest. Vi er eit deltidsbrannvern med sterk lokal forankring, moderne utstyr og eit godt fagmiljø – der samarbeid, trivsel og tryggleik står i sentrum.

Som brannkonstabel i Aurland brannvern blir du ein viktig del av beredskapen i kommunen, og får både fagleg utvikling og eit meiningsfylt oppdrag ved å verne liv, helse, miljø og verdiar.

Vi har ledig ein til to stillingar som brannkonstabel, med oppstart frå snarast. Stillingane har eit omfang på 0,87%, og vil stige til 1,25% etter godkjenning som røykdykkar.  Stillingsprosenten er låg, men det er gode ordningar som tillegg for å bere lommevarslar og pensjonsordning. Vi har 10 øvingskveldar i året, og konstablane inngår i årsturnus med vaktgodtgjersle i feriar og høgtider. Ved utrykking får du løn for minimum to timar. 

Aurland brannvern er organisert i kommunalområde samfunnsutvikling, med eigen brannsjef.  Vi er 21 tilsette med variert fagleg bakgrunn fordelt på overbefal, sjåførar og brannkonstablar i deltidsstilling. Brannstasjonen er på Onstad, rett over brua ved Aurlandsvangen.

Stillinga kan kombinerast med anna arbeid, og passar godt for deg som ønskjer ei meiningsfylt deltidsstilling der du bidreg til tryggleik i lokalsamfunnet.

Arbeids- og ansvarsområde

Som brannkonstabel i Aurland brannvern vil du vere ein del av det lokale beredskapsteamet og bidra i eit breitt spekter av oppgåver, mellom anna:

  • Delta i sløkking av brannar, redningsoppdrag og andre utrykkingar.
  • Utføre innsats ved trafikkulykker og andre redningshendingar – om lag ein firedel av oppdraga våre er trafikkulykker.
  • Bidra i førsteinnsats ved helse- og politioppdrag i ei tidleg fase, ofte som første eining på skadestaden.
  • Delta på øvingar og halde eigen kompetanse ved like.
  • Vere del av vaktordninga – med om lag to veker per år i feriar, høgtider og periodar med lite oppmøte.
  • Delta i førebyggjande arbeid og bidra til å auke tryggleiken i lokalsamfunnet.
  • Ta del i vedlikehald og kontroll av utstyr og køyretøy ved brannstasjonen.
     
Me tilbyr

  • spennande, krevjande, varierte, og meiningsfylte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • løn i etter tariff og SFS 2404 - Brann og redningsteneste
  • lommevarslar kr 2 560 per måned ( per i dag)
  • risikotillegg kr 895 per måned ( per i dag)
  • innmelding i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) si pensjonsordning
  • gratis inngang til svømmebasseng og trimrom i Aurlandshallen (førebels ut 2025)
  • tilgang til trimrom på brannstasjonen

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

Vi søker deg som har engasjement for tryggleik og beredskap, og som har fylgjande kvalifikasjonar:

  • fagbrev\fagskule innan handverksfag er ein fordel.
  • anna relevant utdanning/ yrkeserfaring,  til dømes innan akuttmedisin  vert vektlagt.
  • god helse og fysikk
  • førarkort klasse B er eit krav, og klasse C er ein fordel.
  • plettfri vandel\politiattest
  • personlege eigenskapar er ein viktig del av kvalifikasjonsvurderinga for denne stillinga

Opplæring og godkjenning
For å kunne utføre arbeidet som brannkonstabel må du gjennomføre og bestå obligatorisk opplæring, som omfattar:

  • nettbasert kurs i brannvern
  • intern opplæring i Aurland brannvern
  • grunnkurs for deltidspersonell (nett, praksisveke og eksamen)
  • etter endt opplæring skal du godkjennast som røykdykkar

Personlege eigenskapar

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, og ser etter deg som er:

  • Lojal – du står bak laget, arbeidsplassen og oppdraget vårt.
  • Pliktoppfyllande – du tek ansvar, møter presis og gjer jobben grundig.
  • Engasjert – du har interesse for beredskap og ynskjer å bidra til tryggleik i lokalsamfunnet.
  • Samarbeidsorientert – du trivast med lagarbeid, kommuniserer godt og held hovudet kaldt når det gjeld som mest.

Våre verdiar er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
  • gode pensjons- og  forsikringsordningar
  • politiattest av nyare dato må leverast snarast når du byrjar i stillinga
  • Bustad og helst arbeidsstad i nærleiken av brannstasjonen.
    (Dette er nødvendig for å kunne rykke ut raskt ved alarm.)

Krav til språk

Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Vi oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du får raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.

Vi ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

Om arbeidsgiveren:

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

Ledig 80% fast stilling som spesialpedagog
ENGE BARNEHAGE
Norway, ETNE

Dei tilsette som jobbar som spesialpedagog i Etne kommune er tilknytta ei kommunal ressursgruppe. Gruppe består av tre spesialpedagogar som høyrer til under leiar i Enge barnehage.

Arbeidsoppgåver

Som spesialpedagog i Etne kommune er ein del av eit team. Det spesialpedagogiske teamet skal i samarbeid med barnehagane i Etne kommune, både kommunale og privat gje spesialpedagogisk støtte.
Arbeidet er delt mellom spesialpedagogisk hjelp etter vedtak, generell styrking og refleksjon og rettleiing inn mot personal i barnehagane. Noko av arbeidstida vil vera sett av til arbeid og felles møtetid.

Kvalifikasjonar

Det er krav om utdanning som barnehagelærar med minst 30 stp vidareutdanning i spesialpedagogikk retta mot arbeid i barnehage. I tillegg vil erfaring og røynsle frå tilsvarande arbeid bli vekt lagt. Det vert sett krav til at ein beherske både munnleg og skriftleg norsk, der Bergenstest er minste krav.

Eigenskapar

Gode samarbeidsevne og evne til å vera fleksibel og ta eige initiativ. I jobben som spesialpedagog må ein i tillegg til gode samarbeidsevne kunna arbeida sjølvstendig og ha evne til å byggja relasjonar.

Me tilbyr

Me tilbyr spennande og varierande arbeidsoppgåver. Samarbeid med barnehager som har god kompetanse. Eit godt arbeidsmiljø i teamet der felles refleksjon er viktige faktorar for arbeidet me gjer i barnehagane våre.

Annan informasjon

Oppvekst sektoren i Etne kommune jobbar mot felles mål.
Grenser + forventingar = God oppvekst

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632
Har du forelska deg i Ullensvang?
PRIMA ASSISTANSE AS AVD VESTLAND
Norway, KINSARVIK

Kanskje har du møtt kjærleiken i Ullensvang i sommar? Eller har du forelska deg i naturen, fjella og fjorden? Vil du busetta deg her? Då har eg jobben for deg. 

Eg er ei aktiv kvinne på 41 år med to barn. Eg er avhengig av rullestol og treng nokon som kan vera mine armar og bein slik at eg kan vera politikar, mamma og vera skribent. Leva det livet eg ynskjer rett og slett.

Eg har ledig en fast stilling på 100%. Det er og behov for fleire assistentar på tilkalling. Det er viktig at den assistenten som tilsettast i fast stillingsprosent har moglegheit til å kunne vera med på dagsturar i ny og ne. Arbeidstid vil stort sett vera på dagtid, men noko arbeid på kveld og helg kan førekoma.

Eg er ei positiv dame med mange jern i elden. Eg elskar musikk, konsertar og vera med vener. Samstundes må eg av og til gira ned mellom slaga med Netflix. Politikken og familien tar det meste av tida mi. Så er nok til tider energisk men òg ein person som treng mykje ro. Eg elskar bøker. Så du blir nok med på Litteraturfestival, kafebesøk med vener, i tilegg til mykje køyring for å fylgje opp borna.

 Oppgåver:

  •  Køyra bil
  • Vera med på jobb og andre reiser
  • Husarbeid
  • Assistanse i forbindelse med måltider
  • Lette løft kan førekoma
  • Bistå meg til å vera mamma

Ønskede kvalifikasjoner og egenskaper:

  • Du må ha lappen
  • Lika huslege oppgåver og ein fleksibel kvardag
  • Være postiv og punktleg

Grunna arbeidets art vert kvinner oppfordra til å søkja. Eg har katt det er difor viktig at du ikkje er allergisk.

Om arbeidsgiveren:

BPA er en forkortelse for brukerstyrt personlig assistanse. Det er i hovedsak en alternativ måte å organisere praktisk bistand på for funksjonshemmede. BPA skiller seg fra mer tradisjonelle tjenester ved at det er personen med assistansebehov som selv bestemmer hvordan assistansen skal være. BPA er et frigjørings- og likestillingsverktøy som bidrar til at den med assistansebehov får frihet til å leve et selvstendig og aktivt liv - på lik linje med andre i samfunnet. Prima Assistanse har spesialisert seg på BPA, og er i dag en betydelig leverandør i hele Norge. Vi jobber hver dag for å bidra til at funksjonshemmede får den friheten og assistansen som er nødvendig for å kunne leve et selvstendig liv. Vi er opptatt av å levere et godt konsept, kvalitet i alle ledd, å ha profesjonelle medarbeidere og gode rutiner, slik at vi sammen bidrar til en suksessfull hverdag.
Vil du bli med på laget?
BØ SKULE
Norway, NÆRBØ

Me treng ringevikarar på ATO-avdelinga på Bø skule. Det kan vere behov for både pedagogar, fagarbeidarar og miljøterapeutar i løpet av skuleåret 2025-26. Me tek kontakt fortløpande.

ATO står for alternativ tilpassa opplæring og er ei spesialpedagogisk avdeling for Hå kommune. Avdelinga er ein del av Bø skule, og legg til rette for spesialundervisning for 18 elevar med ulike behov. Fleire elevar har hjelpemiddel og behov for opplæring i blant anna alternativ støttande kommunikasjon (ASK), fysioterapi, ergoterapi og oppfølging i samband med syn- og hørsel.

Laget vårt består av ulike profesjonar; pedagogar, vernepleiarar, sjukepleiar og fagarbeidarar. Som lærar har du ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning i mindre elevgrupper, samt individuell tilrettelegging. Som fagarbeidar og miljøterapeut er det arbeid med elever individuelt og i grupper, sette mål og sikre god gjennomføring.

Kvalifikasjonar
Undervisningskompetanse, fagbrev, relevant høgskuleutdanning
God IKT-kompetanse
Erfaring med opplæring for elevar med rett på spesialundervisning
Gode kommunikasjonsevner, du må beherske norsk skriftleg og muntlig

Personlige eigeskaper
Du er ansvarsfull, ein tydeleg vaksen og innbyr til tillit.
Du er initiativrik og tar aktivt tak i dei oppgåvene som skal gjerast.
Du tar imot veiledning og råd, og er ikkje redd for å spør om hjelp.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har over 20 000 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar! Tilgjengelighetserklæring
Ekstrahjelp/ringevikar i turnus dag/kveld og/eller natt
KVINNHERAD KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON
Norway, ROSENDAL

Helgestillingar - Husnestunet/Halsnøytunet

Husnestunet og Halsnøytunet har ledige helgestillingar og behov for ekstrahjelp/ringevikarar i turnus dag/kveld og natt.   Tilsetjing vil skje fortløpande.

Husnestunet og Halsnøytunet er to av tre institusjonar i Kvinnherad kommune. Begge tuna har ei felles natteneste og uteteneste. Vi har eit pulserande miljø, og mange faglege utfordringar knytta til områder innanfor eldreomsorga. Her kan ein arbeide med palliativ pleie, demensomsorg, somatiske sjukdommar og pasientar innlagt i kommunalt ØH(øyeblikkelig hjelp)-døgntilbod.  

Vi kan tilby eit pulserande miljø og faglege utfordingar innan demensomsorg, i somatiske avdelingar og rehabilitering/palliasjon.

Oppgje i søknaden om kva stilling og arbeidsstad du ynskjer.

Det er elles ope for å ta ekstravakter.

Vi søkjer deg som er fylt 18 år, og som likar å gjera ein innsats for andre.
Arbeidstida kan kombinerast med studiar.

Personlege eigenskapar:

  • Du må vera fleksibel og løysingsorientert.
  • Ha gode evner til kommunikasjon.
  • God IT kompetanse.
  • Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre.
  • Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg.

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Fleksible turnusordningar

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.
Ekstrahjelp/ringevikar i turnus dag/kveld og/eller natt
HALSNØYTUNET

Har du lyst å vera lærling hjå oss?
HJELMELAND KOMMUNE HELSE OG OMSORG
Norway, HJELMELAND

Hjelmeland kommune har frå hausten 2026 ledige plassar for nye lærlingar innan følgjande retningar:

- Helsearbeidarfaget
- Barne- og ungdomsarbeidarfaget 
- Institusjonskokkfaget
- Byggdriftarfaget

Me ønskjer at  
du som har avslutta VK1 eller VK2 i eit av faga over i år, og er interessert i ein læreplass i Hjelmeland kommune, søkjer. Hjelmeland kommune samarbeider med opplæringskontoret Rytopp. For meir informasjon sjå www.rytopp.no

Anna
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med tilknyting til Hjelmeland og som er rettigheitselevar vert prioriterte. Det vert lagt vekt på; orden, fråvær, motivasjon, personlege eigenskapar, samt karakterar. Husk å leggja ved kopi av vitnemål/terminkarakter frå VK1, VK2 og kopi av eventuelle attester frå andre.

Du må ha bestått språkopplæring på nivå B2, og det er ein fordel med førarkort.
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei pliktene som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

Link til søknadsskjema: Søk her

Om arbeidsgiveren:

Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34
Har du lyst å vera lærling hjå oss?
HJELMELAND KOMMUNE VAKTMEISTRAR OG REINHALDARAR

HJELMELAND KOMMUNE ADMINISTRASJON OPPVEKST

HJELMELAND KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

Go to top