Nav Ørsta-Volda skal utvide sitt AMS-team og søkjer etter ein motivert, energisk og uredd jobbspesialist. Nav Ørsta-Volda er lokalisert i Tindebygget på Ørsta. Ørsta kommune er særleg kjent for spektakulær natur med bratte fjell og gode moglegheitar for friluftsliv.
Teamet vil bestå av tre jobbspesialistar og metoderettleiar som jobbar etter Supported Employment (SE) metodikken. Vårt hovudoppdrag er å bidra til auka inkludering i arbeidslivet og finne varige løysingar for den einskilde. Vi jobbar med personar med samansette utfordringar, og som ønskjer å komme i arbeid. Ei sentral oppgåve for jobbspesialisten er individuell jobbstøtte både før og etter oppstart i ein jobb. Ein viktig og naturleg samarbeidspart for oss i dette arbeidet er arbeidsgivarar. Arbeidskvardagen for ein jobbspesialist foregår difor mykje ute hjå bedrifter, der gode relasjonar byggast.
Jobbspesialistar med ulik yrkesbakgrunn er viktig for å gi oppfølging av god kvalitet til kommunane sine innbyggjarar, og for å byggje nettverk innanfor enda fleire bransjar. Vi ser difor etter deg som har eit brennande ønskje om å ta med deg di unike erfaring inn til oss i Nav, og som på ein kreativ og ny måte ønskjer å bidra til auka arbeidsinkludering i samfunnet. Har du det unike vi ikkje har?
Arbeidsoppgaver
- Rettleiing og støtte til jobbsøkarar på veg mot ordinært arbeid
- Jobbe etter Supported Employment (SE) metodikk
- Følge opp og sikre framdrift av eigen portefølje med inntil 20 deltakarar med tydeleg forventning om overgang til arbeid
- Lære den einskilde arbeidssøkar å kjenne gjennom samtalar om erfaringar, interesser, ressursar, eigenskapar, jobbønskje og anna
- Etablere og oppretthalde eit nært samarbeid med arbeidsgivarar, utdanningsstadar, behandlarar, andre personar i nettverket og Nav-rettleiarar
- Dokumentere i relevante fagsystem
- Arbeide stor del av tida i lokalmiljøet i møte med deltakar, arbeidsgjevar og/eller utdanningsstad
Kvalifikasjoner
- Fullført bachelorgrad eller høgare utdanning. Særleg relevant erfaring og resultat frå liknande arbeid vil kunne kompensere for deler av utdanningskravet
- Kunnskap om kvalifiseringsmoglegheiter innan yrkesopplæring og lokal arbeidsmarknad.
- Kjennskap til rettleiing og / eller Supported Employment
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Førarkort klasse B
Det er ønskeleg at du - Har erfaring frå Supported Employment
- Har erfaring frå karriererettleiing og samtalemetodikk
- Har erfaring med å jobbe med personar som står utanfor utdanning og arbeidsliv
- Har erfaring med metodisk oppfølging og rettleiing av personar med psykiske helseutfordringar, rusproblem eller andre samansette utfordringar
- Har kjennskap til arbeidsmarknaden i regionen, inkludert ulike bransjar, bedrifter og utdanningsinstitusjonar og kan bidra aktivt til å utvikle nye arbeidsmoglegheiter
- Evner å balansere metodisk, systematisk og resultatorientert arbeid med god kvalitet i oppfølging.
- Er trygg i bruk av ulike digitale verktøy for dokumentasjon, kommunikasjon og oppfølging av deltakarar.
Personlige egenskaper
- Du har gode kommunikasjonsevner og er ein nettverksbyggar som ønskjer å jobbe med rekruttering
- Du brenn for inkluderingsarbeid og har ei tydeleg tru på at alle, uavhengig av utfordringar, kan komme ut i arbeid eller utdanning med rett støtte
- Du kommuniserer tydeleg og tilpassar deg ulike målgrupper, og byggjer trygge relasjonar som skapar motivasjon og framdrift
- Du jobbar målretta og strukturert
- Du er initiativrik og løysingsorientert, og evnar å sjå moglegheiter der andre ser utfordringar
- Du trivst i ein dynamisk arbeidshverdag med høgt temp, og handterer endringar med fleksibilitet
- Du tek eigarskap til eigen portefølje, arbeider sjølvstendig og gjer gode prioriteringar i samarbeid med brukarar og arbeidsgivarar
- Du er motivert av å levere kvalitet i arbeidet ditt, og ser verdien av tett oppfølging, måling av resultat og kontinuerlig utvikling
Vi tilbyr
- Meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver i engasjerte, tverrfaglege team der ein spelar kvarandre gode
- Opplæring som jobbspesialist
- Gode moglegheiter for kontinuerleg fagleg utvikling og personleg vekst
- Eit inspirerande arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, samarbeid og engasjement
- Fleksibel arbeidstid som legg til rette for god balanse mellom arbeid og fritid
- Stillinga tilhøyrar stillingskode 1434 Rådgivar med løn frå kr. 622.000 – 650.000 kr, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse (2% trekk i løn)
Kontaktinformasjon
Atle Fagerheim, Metoderettleiar, 47 33 78 74Marte Jelle, Kontorleiar, 47 65 27 35
Janne Helen Ringstad, Avdelingsleiar, 40 49 20 64
Arbeidssted
Ivar Aasen-gata 106150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5130461073
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2026
Om arbeidsgiveren:
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling